mini|Utsikt over Oran Oran er ein by i Algerie med ca. 850 000 innbyggjarar. Historie Dagens Oran blei grunnlagd i 903 av azdaja- og ajissa-berbarar frå Maghrawa-føderasjonen som hadde budd i området over lengre tid. Byen hadde ein velståande periode under almohadkalifen Abd al-Mu'min, som bygde tretti skip for å knytta han til Andalusia. Han var også ein rik hamneby under zayyaniden av Tlemcen, som særleg dreiv handel med Spania herfrå. Oran blei erobra av Castilla under kardinal Cisneros i 1509, og var under spansk styre til 1708, då han blei teken av algerarar ved omleiringa av Oran (1707–1708). Spania tok byen tilbake i 1732. Under kong Karl IV av Spania blei byen så teken av ein koalisjon av algeriske styrkar i perioden 1790-1792. Ein bey styrte byen til 1831, då han blei teken av det franske Julimonarkiet.
Byen var underlagd Vichy-regimet under andre verdskrigen, men blei frigjort av dei allierte i Operasjon Torch i 1942.
Klima Oran har eit mildt klima om vinteren, og varmt om sommaren. Om vinteren kan ein ha temperaturar ned i 5°C, om sommaren kan dei bli opptil 46°C. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oran» frå , og «Oran» frå den 6. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Algerie Kategori:0°W Kategori:35°N