Sara Khorami () er ein norsk skodespelar frå Bærum.
Karriere Khorami blei utdanna ved Det Norske Teatret sin teaterskule Det Multinorske, ein skule for skodespelarstudentar med familiebakgrunn utanfor Europa. Etter utdanninga blei ho tilsett ved Det Norske Teatret der ho blant anna har hatt roller som Antigone i skodespelet Antigone og som Solveig i Peer Gynt.
Khorami har spelt i fleire TV-seriar og filmar. I 2020 vann ho Gullruten i klassa beste birolle for TV-serien Heksejakt. I 2021 spelte ho sentrale roller i filmane Full dekning, regissert av Arild Andresen, og Ingenting å le av, skriven av Odd-Magnus Williamson og regissert av Petter Næss. For rolla i Ingenting å le av vann ho Amandaprisen 2022 i klassen beste kvinnelege birolle. Ho spelte ei sentral rolle i NRK-dramaserien Etterglød frå 2023. For rolla blei ho nominert til Seriekritikerprisen 2023 i klassa beste skodespelar.
Familie Journalisten og skodespelaren Aida Khorami er ei yngre syster av Sara Khorami.
Filmografi Filmar 2013: Jeg er din – stemora til Felix 2017: Hva vil folk si – sosialarbeidar 2021: Ingenting å le av – Maria 2021: Full dekning – Mina
TV-seriar 2015: Okkupert – sekretæren til statsministeren, 2 episodar 2018: Heimebane – tilsett ved Elkjøp, 1 episode 2019: Besatt – Maryam, 5 episodar 2020: Heksejakt – Aida Salin, 8 episodar 2021: Post Mortem: Ingen dør på Skarnes – Rose/Ros, 6 episodar 2022: Made in Oslo – Lily, 8 episodar 2022: Gutta på skauen – Maren, 3 episodar 2022: Etterglød – Charlotte, 7 episodar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sara Khorami» frå , den 5. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
Sara Khorami hos Sceneweb.
Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Vinnarar av Gullruten for beste birolle Kategori:Vinnarar av Amandaprisen Kategori:Nordmenn av iransk opphav Kategori:Folk frå Bærum Kategori:Vinnarar av Heddaprisen