Nanna Storjohann () var ei norsk prestekone og sedskapsforkjempar. Ho var ein av føregangsfigurane innanfor sedskapsarbeidet i Kristiania mot slutten av 1800-talet.

Liv og virke Bakgrunn Nanna Storjohann hadde bakgrunn frå ein solid akademisk borgarheim i Bergen med sterke band til leiande samfunnsskikkelsar i samtida, blant anna Bjørnstjerne Bjørnson og Lyder Sagen. Ho engasjerte seg tidleg i arbeidet for vanskelegstilte, og medverka i 1866 til etableringa av barneheimen Anna Jebsens Minde i Bergen.

Sjømannskirken i London Saman med ektemannen flytta Storjohann i 1868 til London, der Johan Storjohann bygde opp den nyetablerte norske Sjømannskyrkja. Der hadde fru Storjohann rolla som vert for dei mange gjestane til misjonen.

Tilbake i Kristiania I 1873 flytta familien tilbake til Noreg og Kristiania, der dei arbeidde med Hauges minde på Grünerløkka som base. I Kristiania engasjerte Storjohann seg i sedskapsarbeidet, og besøkte blant anna kvinner som sat fengsla. Under kampen mot den offentlege prostitusjonen i midten av 1880-åra var ho ei sterk røyst, og ho ble også vald inn i styret i Kristiania sedskapsforeining då ho blei stifta.

Nanna Storjohanns Minde Nanna Storjohann skipa kvitebandsheimen Hjemmet for enligstillede kvinner. Denne blei i 1912 vidareført av eldsjela Ólafía Jóhannesdóttir som Nanna Storjohanns Minde i Langgata 36. Frå 1924 til 1940 låg Nanna Storjohanns Minde i Sagveien 28, i bygninga der Arbeidermuseet held til i dag (2020).

Familie Nanna Storjohann var dotter av rektor Hans Holmboe (1798–1868) av slekta Holmboe og Welgjerd Endriette Løberg (1805–89). Ho blei gift i Bergen 6. juni 1862 med sjømanns- og fengselspresten Johan Cordt Harmens Storjohann (1832-1914, grunnleggaren av den norske sjømannsmisjonen). Ho var mor til læraren og barnebokforfattaren Marie Michelet (1866–1951) og forfattaren og kvinnesaksforkjemparen Kaja Isaachsen (1873–1954).

Nanna Storjohann er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nanna Storjohann» frå , den 10. mars 2024.

Bakgrunnsstoff Norsk biografisk leksikon: Nanna Storjohann, besøkt 10/3 2023. Lokalhistoriewiki.no: slekta Storjohann, besøkt 10/3 2023.

Kategori:Norske politikarar Kategori:Folk frå Bergen