Mona Juul () er ein norsk tidlegare diplomat og Ap-politikar frå Sparbu i Steinkjer kommune. Juul var mellom anna norsk ambassadør til Storbritannia, Jordan, Irak og ved den faste norske SN-delegasjonen i New York.

Karriere Oslo-avtalen Saman med sin ektemann Terje Rød-Larsen spelte ho ei nøkkelrolle under dei hemmelege forhandlingane som førte til Oslo-avtalen. Fredsavtalen blei signert den 13. september 1993 i Washington, DC, mellom Israel og PLO. Juul og resten av teamet i Oslo fokuserte i forhandlingane på å vere meklar og tilretteleggjarar, vel vitande om at ein fredsavtale om konflikten mellom Israel og PLO måtte vere skapt av motstandarane sjølv. Juul og Rød-Larsen blei tildelt prisen Årets Peer Gynt i 1994.

Utanriksdepartementet Under Jens Stoltenberg si første regjering, frå 2000 til 2001, var Juul statssekretær for utanriksminister Thorbjørn Jagland i Utanriksdepartementet. Frå 2001 til 2004 var ho norsk ambassadør til Israel og 2005 til 2010 avløysande ambassadør for den faste norske delegasjonen til SN i New York. Ho vakte internasjonal merksemd i august 2009, då eit intern notat til Utanriksdepartementet blei lekka til Aftenposten. I notatet kritiserte ho generalsekretær i SN Ban Ki-moon for manglande leiareigenskapar.

Frå 2011 til 2014 var Juul ekspedisjonssjef i Utanriksdepartementet, og frå 2014 til 2018 var ho norsk ambassadør i London i Storbritannia. I perioden mellom 2019 og 2023 var ho ambassadør ved den faste norske SN-delegasjonen i New York. Deretter, i oktober 2024, blei ho utnemnd til ambassadør i Amman i Jordan, og seinare utnemnd til ambassadør også i Irak.

Avgang som ambassadør Juul er gift og har to born saman med politikar og diplomat Terje Rød-Larsen. Både Juul og Rød-Larsen var nemnte i dokumenta vedrørande Jeffrey Epstein. I testamente til Epstein skulle dei to borna til Juul og Rød-Larsen få fem millionar amerikanske dollar kvar. Vidare kom det fram i dokumenta at diplomat-paret hadde fått hjelp og økonomisk støtte frå Epstein til kjøp av ei leilegheit på Frogner i Oslo.

Den 2. februar 2026 bad Venstre-leiar Guri Melby Juul om å trekkje seg frå stillinga som ambassadør til Jordan og Irak som fylgje av kontakten Juul og Rød-Larsen hadda hatt med Jeffery Epstein. Same dag blei Juul friteke frå arbeidsplikta si medan Utanriksdepartementet undersøkte kontakten hennar med Epstein.

Den 8. februar 2026 gjekk Juul av som ambassadør på bakgrunn av desse opplysningane. Dagen etter kunngjorde Økokrim å opne ei etterforsking mot henne. Ho er sikta for grov korrupsjon på bakgrunn av stillingane hennar i Utanriksdepartementet. Økokrim vil mellom anna etterforske om det er motteke godar medan ho hadde stilling i departementet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mona Juul» frå , den 12. mars 2024 & den 2. september 2026.

Kategori:Norske ambassadørar Kategori:Norske politikarar Kategori:Norske statssekretærar Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg I Kategori:Folk frå Steinkjer Kategori:Folk frå Sparbu