Johanne Schmidt-Nielsen () er generalsekretær for den danske organisasjonen Red Barnet og tidlegare parlamentarisk leiar i danske Folketinget for Enhedslisten. Enhedslisten har flat struktur, og då Schmidt-Nielsen i 2009 blei vald til parlamentarisk leiar var det fyrste gongen i historia til partiet at nokon blei vald til dette vervet. Partiet har ikkje nokon vald leiar, men Schmidt-Nielsen var i praksis andletet til partiet mot omverda. I mai 2016 tok Pernille Skipper over rolla som parlamentarisk leiar.

Politisk karriere Schmidt-Nielsen byrja den politiske karrieren sin i Danske Gymnasieelevers Sammenslutning, der ho var nestleiar frå 2002 til 2003. Ho har gjort seg merka ved deltaking i ei rekkje politiske aksjoner. I forkant av valet i 2007 fekk ho stor merksemd rundt å ha meldt eit dansk pornoblad til politiet for hallikverksemd fordi dei hadde med ein prostituert som premie i ein av sine konkurransar. Under partileiardebatten i 2007 var ho den yngste deltakaren i ein dansk partileiardebatt nokon sinne.

Under folketingsvalgt i Danmark 2011 fekk Schmidt-Nielsen 47 002 personrøyster – berre sitjande statsminister Lars Løkke Rasmussen fekk fleire.NTB (16. september 2011): Løkke fikk flest personstemmer. Stavanger Aftenblad.

Enhedslisten har eit rotasjonsprinsipp som gjorde at Schmidt-Nielsen ikkje stod på nokre vallister under Folketingsvalet 2019.Emil Søndergård Ingvorsen (25. april 2019): Johanne Schmidt-Nielsen ny generalsekretær for Red Barnet. Danmarks radio

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Johanne Schmidt-Nielsen» frå , den 14. mars 2024.

Kategori:Danske politikarar Kategori:Folketingsmedlemmar frå Enhedslisten Kategori:Folk frå Odense