Bjørn Moi Reinertsen () var eit av dei sentrale medlemma av den norske etterretningsorganisasjonen XU under andre verdskrigen. Han vart drepen av Gestapo 16. desember 1943.
Då krigen byrja studerte Reinertsen medisin ved Universitetet i Oslo i eit miljø der fleire av Xu sine framståande medlem vart rekrutterte frå. Etter den tyske invasjonen av Noreg vart Reinertsen tidleg med i illegalt arbeid og var med å gi ut aviser.
Reinertsen vart arrestert av Gestapo og sat fengsla på Grini i to månader hausten 1942 i samband med Kongeblomstaksjonen.
Då han vart drepen av Gestapo i desember 1943, tilhøyrde han den sentrale XU-leiinga i Oslo i lag med Øistein Strømnæs, Anne Sofie Østvedt, Astrid Løken og Otto Øgrim.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bjørn Reinertsen» frå , den 17. mars 2024.
Bakgrunnsstoff Sæter, Einar og Sæter, Svein (2007): XU. I hemmeleg teneste 1940–45. Samlaget Oslo. Omstenda rundt avrettinga på okkupasjonen.no Data om fengselsopphaldet på Grini på fanger.no Om XU i Store norske leksikon
Kategori:Motstandsfolk under andre verdskrigen Kategori:Medlemmar av XU