Katarina Barley () er ein tysk jurist og politikar for SPD, frå 2019 medlem av Europaparlamentet. Barley var justisminister i Tyskland frå 2018 til 2019, og tidlegare frå 2017 til 2018 tysk familieminister. Ein kort periode fungerte ho som arbeids- og sosialminister. Barley blei medlem av Forbundsdagen ved valet i 2013. Ho var generalsekretær i SPD frå 2015 til 2017. Ho blei fødd som britisk statsborgar og blei tysk statsborgar seinare.
Liv og virke Bakgrunn Katarina Barley er dotter av ein engelsk journalist i Deutsche Welle, og ein tysk lege. Etternamnet har ho frå faren sin, som er frå Lincolnshire i England. Ho blei fødd som britisk statsborgar, og fekk fyrst tysk statsborgarskap seinare i livet, slik at ho har dobbelt statsborgarskap.Europa ist unsere Zukunft, The European
Barley var tidlegare gift med advokaten Antonio, som i likskap med ho sjølv er statsborgar i to europeiske land, Spania og Nederland. Dei møtte kvarandre då dei begge studerte i Paris, og har to barn saman. Ho har nemnd at borna hennar har fire besteforeldre frå fire forskjellige europeiske land.
Yrkeskarriere Barley studerte juss ved Philipps-Universität Marburg og Université Paris-Sud. Hun tok diplom i fransk rett (Diplôme de Droit Français) i Paris i 1990, tysk juridisk embetseksamen i 1993 og juridisk doktorgrad ved Westfälische Wilhelms-Universität Münster i 1998.
Ho arbeidde fyrst som forretningsadvokat i advokatfirmaet Wessing & Berenberg-Gossler i Hamburg (no Taylor Wessing etter fusjonen med eit britisk advokatfirma) fram til 1999. Deretter var ho vitskapleg tilsett ved landdagen i Rheinland-Pfalz og vitskapleg tilsett ved Bundesverfassungsgericht. Frå 2005 til 2006 var Barley tysk utsending til Maison de la Grande Région/Haus der Großregion i Luxembourg, eit regionalt samarbeidsforum for Luxembourg og tilgrensande tyske, franske og belgiske regionar. Frå 2007 til 2008 arbeidde ho som dommar og frå 2008 til 2013 var ho tilsett som rådgjevar i Justis- og forbrukardepartementet i delstaten Rheinland-Pfalz.
Politiske verv Katarina Barley har vore engasjert i lokal- og delstatspolitikk sidan 1994 og blei vald som medlem av Forbundsdagen i 2013. Ho blei utnemnd som familieminister i den føderale regjeringa 2. juni 2017, då føregangaren hennar Manuela Schwesig gjekk av for å bli ministerpresident i Mecklenburg-Vorpommern. Frå 14. mars 2018 til 27. juni 2019 var Barley justisminister i Tyskland. Ho gjekk av som justisminister då ho i 2019 blei vald som medlem av Europaparlamentet, og sa dimed også fra seg medlemskapen i Forbundsdagen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Katarina Barley» frå , den 19. mars 2024.
Kategori:Tyske juristar Kategori:Tyske politikarar Kategori:Tyske justisministrar Kategori:Tyske familieministrar Kategori:Tyske arbeids- og sosialministrar Kategori:Medlemmar av Forbundsdagen Kategori:SPD-politikarar Kategori:Folk frå Köln