Gry Mølleskog () er ein norsk næringslivsleiar og tidlegare hoffsjef ved Det kongelege hoffet.Hoffsjefen fratrer - Det kongelige hoff 8. april 2022 Mølleskog er no konsernsjef i det internasjonale live entertainment-selskapet All Things Live. Ho er også administrerande direktør for det norske dotterselskapet All Things Live Norway.
Karriere Mølleskog var hoffsjef ved Det kongelege hoffet i Oslo frå 2015 til 2022.«Hoffsjefen», Kongehuset, 11. august 2015. Lest 27. august 2015. Fleire norske medium rapporterte at ho var den fyrste kvinna i verda som leia eit kongeleg hoff.«Første kvinne som hoffsjef», NRK, 13. mars 2015. Lest 5. september 2015.«Bodøkvinne blir verdens første kvinnelige hoffsjef», Fremover, 13. mars 2015. Lest 5. september 2015. Ho var tidlegare sjef for det kongelege sekretariatet ved Det kongelige hoffet.«Gry Mølleskog blir ny hoffsjef», Kongehuset, 13. mars 2015. Lest 13. mars 2015.«Mette-Marits venninne blir sjef for ny hoffstab», NRK, 31. august 2012.
Mølleskog er utdanna som Master of Management frå Handelshøyskolen BI. Ho var i perioden 2006-2011 seniorpartnar i selskapet Korn/Ferry International AS i Oslo.«Gry Mølleskog» , Korn/Ferry International. Ho var i 23 år tilsett i SAS og var blant anna senior vice president og leia avdelinga for dei kabintilsette i flyselskapet.Stig Tore Laugen: «Bryter med kronprinsparet», VG, 21. oktober 2006. Frå 2004 til 2006 var ho stabssjef for staben til kronprinsparet ved Det kongelege hoffet.Stig Tore Laugen: «Håndplukker ny stabssjef», VG, 7. desember 2006. Mølleskog har også hatt ei rekkje styre- og styreleiarverv, blant anna i Norsk Folkemuseum, Norwegian Property ASA, Quartz+Co, Posten Norge, SAS, Kronprinsparets humanitære fond og DnB NOR Finans. Ho har også vore styreleiar i Oslo Sporvognsdrift/Oslotrikken og nestleiar i styret til Hurtigruten Group AS.Svein Snefjellå: «Gry skal jakte hoder», Avisa Nordland, 19. desember 2006. Mølleskog er styremedlem i Stiftelsen H.M. Dronning Sonjas kunstnerstipend, som deler ut Queen Sonja Print Award«Dronningens kunstnerstipend», Kongehuset, 23. mai 2014..
Utmerkingar Gry Mølleskog blei 8. september 2022 tildelt Storkross av St. Olavs Orden for «fortjenstfullt virke i Kongefamiliens tjeneste». Ho blei utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden 20. desember 2021, Kongens Erindringsmedalje i 2018 og Kongens fortenestemedalje i 2012 som leiar for det kongelige sekretariat. I 2006 blei ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.Tildelinger - Gry Mølleskog - kongehuset.no Ho er også kommandør med stjerne av den danske Dannebrogordenen, har motteke storkrossen av Republikken Italias fortensteordenenDettaglio decorato , Presidente della Repubblica. og er storoffiser av den portugisiske Fortenesteordenen.CIDADÃOS ESTRANGEIROS AGRACIADOS COM ORDENS PORTUGUESAS, database over ordenstildelinger, Portugals presidentembete. I 2017 blei ho tildelt storkross av Den islandske falkeordenen i samband med statsbesøket til den islandske presidenten i Noreg.Orðuhafaskrá , oversikt over tildelinger fra Islands president. Lest 15. april 2017.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gry Mølleskog» frå , den 20. mars 2024.
Kategori:Personar tilknytta Det kongelege hoffet Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Kommandørar av St. Olavs Orden Kategori:Storkross av St. Olavs Orden Kategori:Den islandske falkeordenen Kategori:Republikken Italias fortenestesorden Kategori:Portugals fortenestesorden Kategori:Folk frå Bodø