thumb|Teikning av Blakken attmed songen i Læsebog for folkeskolen. «Kveldssong åt Blakken» («Fola, fola Blakken») er ein norsk barnesong utgjeven av Nordahl Rolfsen i landsmålsutgåva av Læsebog for folkeskolen frå 1893. Ho er ei omskriving av ei dansk utgåve han gav ut året før.
I 1916 gav Magnus Våge ut ei normalisert landsmålsk utgåve i Songbok aat folkeskulen og heimen.
Songteksta Fola, fola Blakken! No er Blakken trøytt og mod; Blakken skal bli mett og god. Å fola, fola Blakken!
Uff, den leide bakken og den lange stygge mo! Den var rektig tung og trå for deg, du gamle Blakken.
Far han kasta frakken; Blakken kann kje kasta sin, sveittar i det gamle skinn, den snilde, snilde Blakken.
Snart skal Blakken sova! Inkje meire slit i dag, inkje meire selegnag, og inkje meire tråva!
Fola, fola Blakken! Gjeng du inn i stallen din, so kjem vesle guten inn og klappar deg på nakken.
Ser du guten smila? høyrde du det bod han bar? Han skal helsa deg frå far: I morgon skal du kvila.
Drøym um det, du Blakken: Berre eta, berre stå, — kanskje kring på tunet gå med veslegut på nakken.
Kjelder
Kategori:Norske barnesongar Kategori:Songar om hestar