Sara Kristine Bantan Eggesvik () er ein norsk-filippinsk fotballspelar som spelar for KIL/Hemne i 1. divisjon.
Bakgrunn Eggesvik er fødd i Bodø. Ho har ein norsk far og ei filippinsk mor.
Karriere Klubbkarriere Eggesvik debuterte i Toppserien for Grand Bodø i oktober 2014, heime mot LSK Kvinner.
I januar 2019 signerte Eggesvik for Charlton Athletic på nivå to i engelsk fotball. Sommeren 2019 var hun utlånt til Grand Bodø.
I juli 2020 signerte Eggesvik for KIL/Hemne i 1. divisjon. Etter 2021-sesongen valde ho å trappe ned for å fokusere på legestudium, og melde overgang til Malvik i 3. divisjon. Trass i at ho trappa ned fekk ho førespurnad om å representere det filippinske landslaget, som ho var kvalifisert til spel for ettersom mora henar kjem frå Filippinane. I juni 2022 var ho på si fyrste samling med landslaget etter å ha fått på plass filippinsk pass.
Landslagskarriere Eggesvik har aldersbestemte landskampar for Noreg. Ho debuterte for det filippinske landslaget med 3–0-siger mot Bosnia-Hercegovina, 23. juni 2022.
Hausten 2022 var ho ein del av det filippinske landslaget som blei meister i Søraust-Asia. Under meisterskapen scora ho sitt fyrste landslagsmål for Filippinane då dei slo Singapore 7–0 i gruppespelet.
Eggesvik var ein del av den filippinske troppen til VM i Australia og New Zealand i 2023, der ho var med å møte Noreg i gruppespelet. Ho var delaktig med i den fyrste scoringa til Filippinane i ein verdmeisterskap, då ho sendte pasninga som blei hedda i mål av Sarina Bolden i kampen mot New Zealand. Målet sørga for at Filippinane vann kampen og tok sin aller fyrste siger i ein verdsmeisterskap.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sara Eggesvik» frå , den 24. mars 2024.
Bakgrunnsstoff Sara Eggesvik hos Footballdatabase Sara Eggesvik hos Noregs Fotballforbund Sara Eggesvik hos Soccerdonna
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Filippinske fotballspelarar Kategori:Norske fotballspelarar i England Kategori:Fotballspelarar for IK Grand Kategori:Fotballspelarar for Charlton Athletic WFC Kategori:Fotballspelarar for KIL/Hemne Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2023