Viktor Jakovlevitsj Klimenko () er ein tidlegare turnar frå Moskva som representerte Sovjetunionen. Han vart i 1972 olympisk meister i bøylehest og 1971 og 1973 europameister i mangekamp.

Klimenko var med i dei sovjetiske mannskapa som vann sølvmedaljar i lagtevlinga under Sommar-OL 1968 og Sommar-OL 1972, begge gongane slått av Japan. I 1968 tok han også OL-bronse i skranke. I Turn-VM 1970 fekk han sølv i hopp og bronse på bøylehest. Våren 1971 vart han europameister i mangekamp framom landsmennene Mikhail Voronin og Nikolaj Andrianov. Under dei olympiske sommarleikane 1972 i München vann han gullmedaljen i bøylehest og sølvmedaljen i hopp. I 1973 forsvarte han tittelen som europameister i mangekamp, vann i tillegg gull i to apparat-finalar. Etter å ha fått sølv i lagkamp ved Turn-VM 1974 var den internasjonale karrieren over.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wiktor Jakowlewitsch Klimenko» frå , den 25. mars 2024.

Kategori:Sovjetiske turnarar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1972