Aleksandr Vasiljevitsj Tkatsjov () er ein tidlegare turnar frå Semiluki som representerte Sovjetunionen. Han vart olympisk meister 1980 i skranke og i lagkamp, elles vann han tre VM-gull og fire EM-gull i perioden 1977-81. I 1977 viste han som den fyrste eit element i svingstang som seinare vert kalla Tkatsjov-overhopp, eit imponerande element som fleire utøvarar sidan har teke etter.
Tkatsjov vann gullmedaljen i frittståande ved europameisterskapen 1977 i Vilnius, der han òg fekk med seg tre sølvmedaljar. Året etter fekk han ein sølvmedalje i lagkampen med det sovjetiske mannskapet ved Turn-VM 1978. I 1979 tok han gull og sølv ved EM i Essen. Ut på hausten drog han frå Turn-VM 1979 i Fort Worth med seks medaljar; gull i lagkamp, to sølv- og tre bronsemedaljar. Under dei olympiske sommarleikane i Moskva vann han gull i lagkamp og i skranke-øvinga, i ringar fekk han sølv. Året 1981 vart han fyrst europameister i mangekamp og svingstang i Roma, der han i tillegg vann han ein sølv- og tre bronsemedaljar. Sidan i Turn-VM 1981 vann han gull i mangekamp og i skranke.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alexander Wassiljewitsch Tkatschow» frå , den 26. mars 2024.
Kategori:Sovjetiske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Europameistrar i turn Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1980 Kategori:Folk frå Semiluki