Helena Dam á Neystabø () er ein færøysk sosialdemokratisk politikar som representerer partiet Javnaðarflokkurin. Ho har vore innvald på Lagtinget i periodane 1990–2002, 2008–2011 og 2015–2019, vore minister i tre regjeringar, og vore medlem av .

Familie og yrkesliv Dam á Neystabø er fødd og vaks opp i København som dotter av seminarlæraren Ása Hátún og Atli Dam, ein sosialdemokratiske regjeringssjef på Færøyane. Farfaren Peter Mohr Dam var også regjeringssjef. Foreldra skilde seg då dottera var ni år, og ho flytta til Færøyane med mora som 13-åring. Helena gifta seg med direktør Kristian á Neystabø frå i 1981.

Dam á Neystabø er cand.mag. i tysk og dansk språk og litteratur frå Københavns Universitet frå 1983 i tillegg til . Etter fullført utdanning har ho budd på Færøyane, der ho fyrst var gymnaslærar på Eysturoy og sidan fullmektig i undervisingsdirektoratet med ansvar for yrkesopplæringa. Frå 1988 var ho konsulent ved det færøyske skulebokforlaget, frå 1990 dagleg leiar. I 2012 blei ho rektor ved .

Politisk arbeid Dam á Neystabø har sjølv uttalt at årsaka hennar til at ho stilte til val ved var det store overforbruket og oversubsidieringa av næringslivet i 1980-åra, som ho innsåg ville føre til ei økonomisk krise. Ho blei parlamentarisk leiar i mai 1993. Ho var medlem av marknadskomitéen til Lagtinget 1993–1994 i tillegg til formann i Justiskomiteen i same periode. Ho blei vald til formann i Sjálvstýrisflokkurin og attvald til Lagtinget i , og var formann i Marknadskomiteen fram til 1995, då ho blei formann i Utanrikskomiteen ut perioden. Etter blei ho sosial- og helseminister i den fyrste regjeringa til Anfinn Kallsberg, og blei dimed den fyrste kvinnelege ministeren til Sjálvstýrisflokkurin. fungerte som parlamentarisk leiar, mens møtte på Lagtinget som varamedlem, i fråveret av Dam á Neystabø.

I november 2001 blei Sámal Petur í Grund fremja som motkandidat til leiarvervet på landsmøtet til Sjálvstýrisflokkurin. Striden hadde botn i dei skarpe personlegdomskontrastane dei i mellom, og enda med at Sámal Petur í Grund blei vald. Han blei sitjande i berre to veker, då han trekte seg, og nestformann og olje- og miljøminister tok over. blei parlamentarisk leiar. Same månad trekte Dam á Neystabø seg ut frå regjeringen og lagtingsgruppa til Sjálvstýrisflokkurin, og fungerte som uavhengig representant fram til februar 2002, då ho melde seg inn i Javnaðarflokkurin. Ved stilte ho ikkje som kandidat.

Ved den 4. februar 2008 blei Dam á Neystabø vald inn for Javnaðarflokkurin. Same dag blei den andre regjeringa til Jóannes Eidesgaard utnemnd, der Dam á Neystabø blei justisminister. Regjeringssamarbeidet sprakk allereie i september same år, og frå 26. september 2008 til 14. november 2011 var Dam á Neystabø kulturminister i den fyrste regjeringa til Kaj Leo Johannesen. Kulturdepartementet har ansvar for saker relaterte til skule, forsking, kyrkje, idrett og andre fritidsaktivitetar, og ein periode i 2011 hadde ho også ansvaret for kommunalsaker i Innanriksdepartementet. Eyðgunn Samuelsen møtte på Lagtinget.

Frå 2017 til 2019 var Dam á Neystabø leiar for lagtingsgruppa til Javnaðarflokkurin, mens partiet hadde regjeringsmakt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Helena Dam á Neystabø» frå , den 12. mars 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Færøyske politikarar Kategori:Færøyske ministrar Kategori:Færøyske kulturministrar Kategori:Færøyske justisministrar Kategori:Færøyske sosialministrar Kategori:Færøyske helseministrar Kategori:Færøyske pedagogar Kategori:Folk frå København