Margaret Elise Harkness () var ein radikal engelsk journalist og forfattar, og ein av dei «nye kvinnene» frå slutten av viktoriatida som søkte ein karriere i den offentlege sfæren. Harkness var sosialist og feminist, og blei seinare knytt til Frelsesarmeen.
Harkness var fødd i Upton-on-Severn i Worcestershire. Ho hadde nære band til fagforeiningsleiarar i London, blant dei Beatrice Webb, Eleanor Marx, Clementina Black, Olive Schreiner, Amy Levy, Olive Birrell, Isabella Ford og Annie Besant. Dei møttest ofte i og utanfor lesesalane til British Library.
Harkness skreiv fem romanar om slummen og den urbane framandgjeringa: A City Girl (1887), Out of Work (1888), In Darkest London (1889), A Manchester Shirtmaker (1890) og George Eastmont: Wanderer (1905).
I Out of Work skildra ho hendingsgangen i «den blodige søndagen» i 1887.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Margaret Harkness» frå , den 29. mars 2024.
Kategori:Engelske forfattarar Kategori:Britiske journalistar Kategori:Britiske sosialistar