Bergtóra Høgnadóttir Joensen () er ein færøysk sosionom og politikar som representerer partiet Tjóðveldi. Ho var innvald på det færøyske Lagtinget frå 2008 til 2011 og sat i . Ho leia lagtingsgruppa til partiet sitt då Annita á Fríðriksmørk var ute i permisjon frå mars til september 2008.

Bakgrunn Joensen er dotter av landslegen Høgni Debes Joensen og lagtingskvinna og sosionomen . Ho vaks opp i Tórshavn og til dels i Danmark, der faren tok vidareutdanning.

Utdanning og karriere Joensen er utdanna sosionom og arbeidde fyrst innan psykiatri, kriminalomsorg og bedriftsrådgjeving i Danmark. I 2004 flytta ho tilbake til Færøyane, der ho har drive med personalleiing og prosjektarbeid for ulike arbeidsmarknadstiltak. Frå 2005 til 2007 leia ho dei færøyske sosionomane si fagforeining. I 2013 blei ho personalsjef i .

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bergtóra Høgnadóttir Joensen» frå , den 29. mars 2024.

Kategori:Færøyske politikarar Kategori:Færøyske lagtingsmedlemmar Kategori:Færøyske sosionomar Kategori:Folk frå Tórshavn