Debra Anne Haaland () er ein USA-amerikansk jurist og politikar for Det demokratiske partiet frå delstaten New Mexico. Haaland blei utnemnd til innanriksminister i USA 16. mars 2021 som den fyrste innanriksministeren med urfolksbakgrunn.

Liv og virke Haaland blei fødd inn i ein militær familie. Mora hennar var av urfolket , mens faren hennar var norskamerikanar. Faren var frå Vietnamkrigen og blei gravlagd i 2005 med militære ærevisingar. Haaland er utdanna jurist frå University of New Mexico.

Haaland blei vald inn i Representanthuset 6. november 2018 med 59 % av røystene og attvald i 2020 med 58 % i valkrinsen 1. valdistrikt. Ho var den eine av dei to fyrste kvinnelege representantane frå urfolka i USA. Den andre var frå delstaten Kansas.

I heimstaten er Haaland særleg kjend som tidlegare leiar for Det demokratiske partiet i New Mexico og for sitt engasjement for rettane til urfolk, for miljøvern, for fornybar energi, for å styrke det offentlege skuleverket og for universell helseforsikring (). Haaland er motstandar av den tidlegare presidenten Donald Trump. Ho gjekk kraftig i rette med den tidlegare presidenten då han kalla partifellen til Haaland, for «Pocahontas» og då blei utnemnd til føderal høgsterettsdommar. Før nominasjonen som presidentkandidaten til demokratane i 2020, gjekk ho fyrst ut med støtte til Warren for den profilen hennar, deretter støtta ho tidlegare visepresident Joe Biden, som ho håpet ville bli ein samlande kandidat.

Påtroppande president Joe Biden nominerte Haaland som innanriksminister i USA 17. desember 2020, med ansvar for forvalting og vern av landområde i føderalt eige, inkludert . Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Deb Haaland» frå , den 12. februar 2024.

Kategori:USA-amerikanske innanriksministrar Kategori:USA-amerikanske politikarar Kategori:USA-amerikanske juristar Kategori:Regjeringa til Joe Biden Kategori:Medlemmar av Det demokratiske partiet i USA Kategori:Kongressrepresentantar frå New Mexico Kategori:Folk frå Navajo County i Arizona Kategori:Norsk-amerikanarar