Richard Burton Matheson () var ein amerikansk romanforfattar og manusforfattar for film og TV.
Han er mest kjend som forfattaren av I Am Legend (Det siste mennesket), ein science fiction-skrekkroman frå 1954 om ein apokalyptisk verd med ein pandemi som gjer folk om til ein slags vampyrar. Boka er blitt filmatisert tre gonger, og har påverka utviklinga av zombi- og vampyrlitteratur.
Bakgrunn Matheson blei fødd i Allendale i New Jersey, som son av dei norske innvandrarane Bertolf og Fanny Matheson. Foreldra skilde seg då han var åtte, og han voks opp i Brooklyn i New York med mor si. Tidlege påverknader på forfattarskapen var filmen Dracula frå 1931, romanar av Kenneth Roberts og eit dikt han las i avisa Brooklyn Eagle, where he published his first short story at age eight. Han blei elev ved Brooklyn Technical High School i 1939, gjekk ut i 1943, og tente med hæren i Europa under andre verdskrigen; dette danna grunnlaget for romanen hans The Beardless Warriors frå 1960. Etter krigen studerte han ved Missouri School of Journalism ved University of Missouri, og fekk ein BA i 1949. Deretter flytta han til California.
Han var medlem av den såkalla «Southern California Sorcerers» på 1950- og 1960-talet. Dette kollektivet av forfattarar på vestkysten omfatta mellom anna også Charles Beaumont, Ray Bradbury, George Clayton Johnson, William F. Nolan og Jerry Sohl.
Verk i utval
Romanar
I am Legend (1954), i norsk omsetjing som Det siste mennesket (Fredhøis Forlag, Oslo 1983) The Shrinking Man (1956), i norsk omsetjing som Edderkoppen (Fredhøis Forlag, Oslo 1982) What Dreams May Come (1978) Filmar 1957 - The Incredible Shrinking Man, filmatisering av romanen The Shrinking Man 1960 - Gjest i skrekkens hus, filmatisering av Edgar Allan Poe si novelle «Huset Ushers fall» 1961 - Dødspendelen 1962 - En studie i skrekk 1963 - Ravnen 1964 - Den siste mannen på jorden, fyrste filmatisering av romanen Det siste mennesket 1963 - The Comedy of Terrors 1969 - De Sade 1971 - Terror bak rattet 1971 - Omegamannen}}, andre filmatisering av Det siste mennesket 1973 - Dracula, for TV, med Jack Palance i hovudrolla 1983 - Haisommer 3 1998 - Drømmenes verden, basert på romanen What Dreams May Come 2007 - I Am Legend, med Will Smith i hovudrolla, tredje filmatisering av Det siste mennesket
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Richard Matheson» frå , den 3. april 2024.
Delar av denne artikkelen bygger på «Richard Matheson» frå , den 4. april 2024.
Kategori:USA-amerikanske forfattarar