Efren Eugene Benita (), kjend under artistnamnet Dave Benton, er ein popmusikar som vann Eurovision Song Contest 2001 for Estland saman med Tanel Padar og guttegruppa 2XL med songen «Everybody».

Benton blei fødd i Oranjestad på den karibiske øya Aruba i 1951 og flytta til USA då han var i 20-åra. Som trommeslagar og korist jobba han med The Drifters, Tom Jones, Billy Ocean, José Feliciano og The Platters.

Mens Benton budde i Nederland i 1980-åra møtte han den framtidige estiske kona si Maris på eit cruiseskip, og etablerte seg i Estland i 1997. Han har hatt ein variert musikarkarriere i nordeuropeiske land. Han bur no i Estland med sin kone og to døtrer, og Lisa. Han deltok i den tyske produksjonen av musikalen City Lights, og blei etterpå spurd om å erstatte Engelbert Humperdinck på turnéen hans til Australia.

Trass i at han har gjeve ut ein del album allereie (der eitt av dei er gjeve ut på morsmålet hans papiamento), har Benton vore meir utøvande som artist, og har prioritert å stå på scena framfor å spele inn plater.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dave Benton» frå , den 7. april 2024.

Kategori:Arubiske songarar Kategori:Estiske songarar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarar Kategori:Estiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2001-deltakarar Kategori:Folk frå Oranjestad på Aruba