Olympia er ein tysk dokumentarfilm frå 1938 regissert av Leni Riefenstahl. Filmen dokumenterer dei olympiske sommarleikane som vart haldne i Berlin i 1936.
Dette var den første dokumentarfilmen om dei olympiske leikane. Mange av dei opptaksteknikkane som seinare vart vanlege i filming av idrettstilskipingar vart utvikla av Riefenstahl i samband med denne filmen. Den olympiske elden vart innført av Riefenstahl som estetisk element i samband med med leikane i Berlin.
Oppbygging Filmen har to delar: Fest der Völker «fest for folkeslaga» og Fest der Schönheit «fest for venleiken».
Filmen vert sett på som eit estetisk meisterverk, og vart òg førebilete for seinare filming av dei olympiske leikane. TIME Magazine har skildra filmen som ein av dei hundre beste filmane dei på 1900-talet.
Bakgrunn Filmen vart laga på oppdrag av riksministeriet for folkeopplysing og propaganda, og vart finansiert av statlege midlar. Filmen hadde premiere den 20. april 1938, på Adolf Hitler sin 49-årsdag. Såleis kan filmen sjåast som ein propagandafilm for Nazi-Tyskland og det herskande partiet NSDAP. Trass i nær tilknyting til nazi-styresmaktene, vert det i filmen teke med enkelte element som den gong ikkje var politisk korrekt. Mellom anna vert det i filmen fokusert på andletet til Hitler då han såg at afroamerikanske Jesse Owens vann gullmedalje. Mørkhuda menneske vart av nazistane sett på som underlegne kvite menneske.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Olympia 1936 i full lengd, hjå GoogleVideo Olympia 1: Fest der Völker på http://imdb.com 2: Fest der Schönheit på http://imdb.com
Kategori:Tyske filmar Kategori:Det tredje riket Kategori:Filmar frå 1938 O O