Indrek Toome () var ein estisk politikar. Han var blant kommunistleiarane som støtta perestrojkapolitikken og slik bidrog til at kommunistpartiet tolererte den estiske sjølvstenderørsla.

Karriere Toome utdanna seg til elektroingeniør og steig deretter raskt i gradane i Komsomol og Estlands kommunistiske parti.

Toome blei medlem av Det øvste sovjetet i Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken i 1972, og i november 1988 blei han regjeringssjef for sovjetrepublikken. På same tid vedtok Det øvste sovjetet at deitville hevda større estisk sjølvråderett. Toome medverka til at sovjetleiaren Mikhail Gorbatsjov erstatta med den reforminnstilte som fyrstesekretær i Estlands kommunistiske parti.

I mars 1990 erklærte Det øvste sovjetet byrjinga på ein overgangsperiode til estisk sjølvstende, og Toome overlet makta til ei overgangsregjering leia av Edgar Savisaar. Toome fortsette som medlem av Det øvste sovjetet, no Det øvste rådet, fram til dei fyrste frie vala i det uavhengige Estland i 1992.

Toome gjekk så til næringslivet og blei partner i eit eigedomsføretak.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Indrek Toome» frå , den 7. april 2024.

Kategori:Estiske politikarar Kategori:Estiske statsministrar Kategori:Folk frå Tallinn