Koparslagarar (Pogoniulus) er ei biologisk slekt innanfor afrikaskjeggfuglfamilien. Artane i slekta høyrer heime i Afrika og nokre har store utbreiingsområde på kontinentet. Alle er klassifiserte som livskraftige av Verdas naturvernunion IUCN.
Skildring Koparslagarar er blant dei minste skjeggfuglane i ordenen spettefuglar. Dei har rund, kompakt kroppsform med stutte halar, venger og nebb. Fargetonane i fjørdrakta er mest rundt olivengrønt frå gult til gulbrunt, tre artar har mørk eller svart overside.
Storleiken på artane varierer, frå omtrent som for gjerdesmett, 9 cm - den nest minste arten av hekkeartane i Noreg, opp til omtrent storleiken på lauvmeis, 13 cm. Venglengder ligg på rundt fem centimeter, halen er sjeldan lengre enn tre centimeter. Nebba er kraftige, vanlegvis mellom 1 og 1,5 centimeter lange. Kjønna har liknande kroppsdimensjonar. Det er ingen merkbar kjønnsdimorfisme.
Sju av artane har kvite eller gule linjer i ansiktet. Fregnekoparslagar har ikkje ein iaugefallande farga overgump slik dei andre artane har, han manglar også markeringane i ansiktet akkurat som grønkoparslagar gjer.
Koparslagarar har leveområdet sitt frå savannar til regnskog i Afrika sør for Sahara. Gullpannekoparslagar har det nordlegaste utbreiingsområdet og finst mellom anna i det sørvestlege Mauritania, Tsjad, Sudan og Etiopia. Det sørlegaste distribusjonsområdet er det for raudpannekoparslagar, som finst så langt sør som til dei sørafrikanske provinsane Natal og Kapp-provinsen. Gulnakkekoparslagar, som finst i tre åtskilde regionar i Afrika, har eit av dei minste og påfallande fragmenterte utbreiingsområda. Han finst frå austlege Nigeria til sørvest og sentrale Kamerun. Den lever også i det nordaustlege Den demokratiske republikken Kongo og tilstøytande vestlege Rwanda og sørvest i Uganda, og dessutan i Môco-høglandet i det vestlege Angola. Øya Bioko i Guineabukta husar tre artar av koparslagarar. Gulgumpkoparslagar, som har eit veldig stort utbreiingsområde, finst også på Zanzibar.
Koparslagarar lever først og fremst av frukt og et også insekt. Nokre gonger fangar dei insekt i flukt. Dei er holromshekkarar som hakkar ut hola inn i daude tre eller greiner.
Artsliste Koparslagarar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1. 2024, Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler. Dei norske artsnamna i denne gruppa er skildrande for fjørdrakta. Fregnekoparslagar, P. scolopaceus, Speckled tinkerbird, (Bonaparte, 1850), (LC) 12 cm, frå Sierra Leone til DR-Kongo, øya Bioko, gulbrun spraglete fjørdrakt Grønkoparslagar, P. simplex, Green tinkerbird, (Fischer, GA & Reichenow, 1884), (LC) 9 cm, frå Kenya til Mosambik Skjeggkoparslagar, P. leucomystax, Moustached tinkerbird, (Sharpe, 1892), (LC) 9,5 cm, frå Kenya til Malawi, overgump i klår gul farge, kvit skjeggstripe Gulnakkekoparslagar, P. coryphaea, Western tinkerbird, (Reichenow, 1892), (LC) 9-10 cm, tre distinkte leveområde: Nigeria-Kamerun, DR-Kongo-Uganda, Angola, gult vengband og gul krone Raudgumpkoparslagar, P. atroflavus, Red-rumped tinkerbird, (Sparrman, 1798), (LC) 12-13, Sierra Leone til DR-Kongo, svart overside, sterk raud overgump. Gulstrupekoparslagar, P. subsulphureus, Yellow-throated tinkerbird, (Fraser, 1843), (LC) 9,5 cm, frå Sierra Leone i vest austover til DR-Kongo, Angola og Uganda, øya Bioko Gulgumpkoparslagar, P. bilineatus, Yellow-rumped tinkerbird, (Sundevall, 1850), (LC) 10-12 cm, fragmentert utbreiing frå Senegal aust til Kenya og Tanzania, og sørover til austre Sør-Afrika Raudpannekoparslagar, P. pusillus, Red-fronted tinkerbird, (Dumont, 1805), (LC) 9,5-11,5 cm, Aust-Afrika frå Eritrea til Tanzania, austlege Sør-Afrika, slåande farger, gull-farga vengefjører, raud panne Gullpannekoparslagar, P. chrysoconus, Yellow-fronted tinkerbird, (Temminck, 1832), (LC) 10,5-12 cm, utbreiing i breitt belte over Afrika sør for Sahara og sørover til nordlege Sør-Afrika
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zwergbärtlinge» frå , den 13. april 2024 Winkler, D. W., S. M. Billerman, og I. J. Lovette (2020). African Barbets (Lybiidae), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.lybiid1.01
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skjeggfuglar Kategori:Fuglar i den afrotropiske regionen Kategori:Fugleslekter