Arvīds Jansons ()Arvid Jansons i Store norske leksikon var ein latvisk fiolinist og dirigent. Han var far til , som har leia fleire norske orkester.

Liv og virke Jansons studerte fiolin i fødebyen Liepāja (1929–35)omtale fra Classics Online og komposisjon i Riga under Leo Blech (1940–44). Han var fiolinist i operaorkesteret i Liepāja (1940), som han seinare blei dirigent for (1944).

Jansons leia også det latviske radioorkesteret i nokre år (1947–52). Frå 1952 blei han fast dirigent ved St. Petersburg-filharmonien (den dåverande Leningrad-filharmonien) engasjert av Jevgenij Mravinskij. I 1956 flytta han til St. Petersburg der han leia filharmonien på turnear i bl.a. Europa og Japan ut livet.

Jansons døydde av hjarteattakk under eit dirigentoppdrag med Halle Orchestra i Manchester.Norman Lebrecht, Mariss jansons – high drama on the podium (2000)

Utmerkingar 1. pris i den sovjetiske komponistkonkurransen 1946.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Arvid Jansons» frå , den 15. april 2024.

Kategori:Latviske fiolinistar Kategori:Latviske dirigentar Kategori:Folk frå Liepaja