Tony André Hansen () er ein norsk sprangryttar. Han deltok på det norske spranglandslaget i dei olympiske leikane i 2008. Før finalen i individuell sprangridning vart Hansen og hesten Camiro utestengde på grunn av ei positiv dopingprøve som vart teken etter lagkonkurransen. A-prøva viste at hesten hadde spor i blodet av stoffet capsaicin, og B-prøva var også positiv. I lagkonkurransen tok det norske laget ein bronsemedalje, men dei vart frådømde medaljen på grunn av dopingsaka.
Kjelder Norges Rytterforbund Engelskspråkleg profil og resultatliste hos sports-reference.com
Kategori:Folk frå Sandefjord Kategori:Norske ryttarar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2008