Eliteserien i handball 1974/75 for karar var den øvste avdelinga i seriesystemet for karar, arrangert av Norges Håndballforbund.

Seriemeisterskapen omfatta 10 lag og vart avvikla tida frå 22. september 1974 til 16. februar 1975. Sju av dei ti laga høyrde heime i Oslo, alle dei seks best plasserte var frå hovudstaden.

Fredensborg Ski- og ballklubb frå Oslo vart seriemeister. Inge Hansen, Jon Reinertsen og Rolf Lundberg var dei sentrale Fredensborg-spelarane.

Poengtabell Plass Lag Kampar Målskår Poeng 1 Fredensborg 18 362-238 32 2 Oppsal IF 18 306-201 28 3 Refstad IL 18 331-239 28 4 SK Njård 18 321-315 19 5 Bækkelaget SK 18 292-296 17 6 Nordstrand IF 18 279-325 16 7 Stavanger IF 18 247-301 14 8 Elverum IL 18 261-309 13 9 SK Arild 18 268-357 9 10 IF Sturla 18 268-354 4

Kjelder Sportsboken 75. Dreyerbok Stavanger. 1975.

Kategori:Sport i Noreg i 1975 Kategori:Handball i Noreg