«I've Been Waiting for This Night» (norsk 'eg har venta på denne natta/kvelden') er ein song frå 2016 med den litauiske artisten . Songen vann den litauiske songtevlinga "Eurovizijos" dainų konkurso nacionalinė atranka og var det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm.
Om songen Songen er skriven av Jonas Thander og Beatrice Robertsson. «I've Been Waiting for This Night» blei plukka ut til å delta i songtevlinga til den litauiske kringkasteren Eurovizijos dainų konkurso nacionalinė atranka. Artisten Donny Montell blei vald til å framføre han. Etter fleire innleiande runder og semifinalar tok songen seg til finalen 12. februar 2016. Der vann han og blei dimed det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2016.
Eurovision Song Contest I januar 2016 blei Litauen trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen blei arrangert i Globen i Sverige torsdag 12. mai, og Litauen hadde startnummer 9. «I've Been Waiting for This Night» blei blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 14. mai. I finalen blei songen nummer 9 av 26 bidrag.
Listeplasseringar Liste (2016)Høgasteplassering Heatseekers (Sverigetopplistan)Swedish Heatseekers Chart Retrieved 13. mai 20164
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «I’ve Been Waiting for This Night» frå , den 29. april 2024.
Kategori:Litauiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2016-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar