Walk Free er ein internasjonal menneskerettsorganisasjon basert i Perth i Vest-Australia. Han har som hovudmål å få slutt på alle former for moderne slaveri.
Prosjektet blei grunnlagt av Grace Forrest i 2011. Walk Free er best kjend for utgjevinga av Global Slavery Index. Global Slavery Index er ei rangering av 160 land basert på prosentdelen av folkesetnaden som blir rekna å vera underlagt ei form for moderne slaveri.
I 2013 var Walk Free med på grunnlegginga av Freedom Fund, ein ikkje-kommersiell organisasjon som kjempar mot slaveri. Freedom Fund arbeider med å takle mange former for moderne slaveri i regionane der det er mest konsentrert.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Walk Free» frå , den 5. mai 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Internasjonale organisasjonar Kategori:Perth Kategori:Menneskerettsorganisasjonar