Porsgrunds Porselænsfabrik er ein norsk porselensfabrikk som vart grunnlagt i Porsgrunn i 1885. Grunnleggjaren var skipsreiar Johan Jeremiassen, medan tyske Carl Maria Bauer leidde oppbygginga av fabrikken. «PP», som fabrikken òg vert kalla, er den største turistattraksjonen i Porsgrunn. Fabrikken ligg heilt nede ved elva, ved det venstre bruhovudet til Porsgrunnsbrua, i innløpet til Telemarksvassdraget. I fabrikklokala finst det både utsal og museum.

Historie Fabrikken vart grunnlagt i 1885 av skipsreiar Johan Jeremiassen. Den tyske porselensspesialisten Carl Maria Bauer leidde oppbygginga av fabrikken. 10. februar 1887 kunne den fyrste brenninga finne stad.

Produksjonen i Porsgrunn vart vedtatt lagt ned i 2012. Fleire tilsette blei sagt opp, og det meste av produksjonen blei lagt til Tyskland. Men porselenssalet tok seg opp, og selskapet gjekk med overskot att.

Bilete av produkt frå Porsgrunds Porselænsfabrik

Kjelder

Litteratur Bøe, Alf (1994): Nora Gulbrandsen på Porsgrund, Oslo. ISBN 82-7003-129-1 Bøe, Alf (1967): Porsgrunds Porselænsfabrik. Bedrift og produksjon gjennom åtti år. Oslo. Engelstad, Helen (1944): Porselen og paramentet. Brukskunstneren Nora Gulbrandsens arbeider. Oslo. Halvorsen, Josef og Larsen, Kjell Egil (1997) "Gammelt Porsgrund" Klenodier verd å eie. Porsgrunn. ISBN 82-992998-2-9. Polak, Ada (1080): Gammelt porsgrund porselen. Oslo. ISBN 82-7003-024-4

Bakgrunnsstoff Porsgrunds Porselænsfabrik Stempel

Kategori:Norske industriselskap Kategori:Porsgrunn kommune Kategori:Føretak skipa i 1885