Adam Richard Wiles, betre kjend som Calvin Harris () er ein skotsk musikar.
Musikken hans er ei blanding av disco, electronica og indie. Han har blant anna hatt hittar med singlen Acceptable In The 80s, som nådde topp 10 på den britiske singellista i byrjinga av 2007. Videoen til nummeret handlar om moten og kulturen på 1980-talet, men ellers er ikkje tekstane det viktigaste i musikken til Calvin, det viktige er å få folk til å dansa.
Ifølgje Forbes var Harris den best betalte DJ-en i 2013 og 2014.
Diskografi
I Created Disco (2007) Ready for the Weekend (2009) 18 Months (2012) Motion (2014) Funk Wav Bounces Vol. 1 (2017) Funk Wav Bounces Vol. 2 (2022)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Calvin Harris» frå , den 18. mai 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skotske musikarar Kategori:Folk frå Dumfries