Romsdalshorn stoppestad var ein stoppestad på Raumabana som vart opna i 1924 og mista passasjertrafikken i 1988. Romsdalshorn er ei grend i Rauma kommune i Romsdalen, 10 kilometer aust for Åndalsnes. Stasjonen er statleg listeført og freda.

Skildring Trafikk Stoppestaden hadde betening som selde billettar, ekspederte gods og delte ut post. Trafikken var liten og beteninga vart inndregen allereie i 1953. I 1964 vart staden degradert til haldeplass og i 1988 vart passasjertrafikken lagt ned. Formell nedlegging var i 1990.

Staden hadde ikkje kryssingsspor, men eit gjennomgåande 75 meter langt lastespor med godsrampe som forsvann før 1970.

Betening Romsdalshorn var ein «kjerringstasjon» utan stasjonsmeister eller personale med tryggleiksutdanning. Dei tilsette var ekspeditriser som selde billettar og ekspederte gods. Ingeborg Johansen, f. 1892, ekspeditrise frå 30.11.1924 Anna Syversen, f. 1892, ekspeditrise frå 15.7.1927 Ingeborg Jakobsen, f. 1896, ekspeditrise frå 1935 til 1944 Alma Helen Kjosstuen, f. 1904, ekspeditrise frå 1944 til 1953 (Postopnar til 1960)

Postopneri Postopneriet Romsdalshorn opna samstundes med stoppestaden 1. desember 1924. Ekspeditrisene på stoppestaden bestyrte postopneriet. Då stoppestaden vart avbemanna i 1953, fortsette ekspeditrisa å handtere posten inntil 1960. Frå 1961 vart Romsdalshorn underlagt Åndalsnes, i 1968 vart det tildelt postnummer 6334 og 1. juni 1969 vart det lagt ned.

Stasjonsbygninga Romsdalshorn vart teikna av Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad ved Jernbanens arkitektkontor og var av «Type for Raumabanen». Stasjonsbygninga vart reist mellom 1920 og 1923. Arbeidet kravde timar og kosta kroner. Totalsummen for heile stasjonsanlegget var kroner.

I utsjånad er ho lik fleire andre stasjonar langs Raumabana som til dømes Bottheim, Marstein og Verma. Bygninga er ikkje lafta, som dei fleste andre, men sett opp i uisolert bindingsverk. Ho er kledd med liggjande panel og har ståande vekselpanel i gavlane. Bygninga har saltak tekt med skifer. Venteromsdøra og gavlvindauga er ramma inn av ornament i nyrokokko. I inngangen var det fyllingsdører med glasfelt. Fyrste etasje hadde ekspedisjonskontor, telegrafistrom og venterom Delar av venterommet vart teken i bruk som kvilerom for baneavdelinga i 1975. I andre etasje var det tenestebustad med tre rom og kjøken. I kjellaren var det rom for brensel, mat og kledevask. Godshuset var i ei einetasjes sidefløy.

På stasjonsområdet var det privétbygning, uthus og ein vaktarbustad med uthus. Privéten vart riven etter at stasjonen fekk vassklosett rundt 1960. Vaktarbustaden var eit typehus frå Nordviken Bruk på Hamar. som var kjøpt inn som bustad for oppsynsmenn, og er den einaste jernbanebygninga som står att på Romsdalshorn.

Byggjinga av Grytten vasskraftverk Lastesporet og godsrampa forsvann då Grytten kraftverk skulle byggjast. Kraftanlegget ligg i nærleiken av stasjonen og overtok delar av stasjonsområdet til anleggsdrifta. I bortimot ti år sto det lagerhallar, verkstader og garasjar på stasjonsområdet, og utstyr til kraftutbyggingja vart frakta med tog til Romsdalshorn. Bygningane blei rivne etter at kraftverket sto ferdig i 1975.

Flytting til Horgheim thumb|left|Stasjonsbygningen er flytta, ført opp att og restaurert som Trollveggen stasjon.

Tidleg på 2000-talet skulle ny Europaveg 136 byggjast gjennom Romsdalen og over stasjonsområdet på Romsdalshorn, og stasjonen var truga av riving. Statens Vegvesen flytta difor stasjonsbygninga til Horgheim i 2006, der ho vart restaurert og skilta som Trollveggen stasjon.. Stasjonen står no ved den store rasteplassen under Trollveggen, like ved jernbanelina, men er ikkje sett opp som jernbanestasjon.

Tidligare hadde det vore vurdert å flytte stasjonsbygninga til Flatmark for å erstatte stasjonsbygninga som hadde vorte riven i 1984:

.

Kulturminnet NSB si bygningsregistrering omtala stasjonen som i god stand i 1981, men av middels verneinteresse. Bygninga var då nymalt, men hadde nokre glesne vindauge. Stasjonsbygningen har seinare vorten statleg listeført og freda.

Gulltransporten Romsdalshorn stoppestad hadde ei sentral rolle då Noregs gullbehaldning vart sikra etter krigsutbrotet. Då Noreg vart invadert 9. april 1940, vart 3 000 gullbarrar (49 tonn) i all hast fjerna frå Noregs Bank i Oslo før den tyske invasjonsstyrken rakk fram. Gullet vart sendt med lastebilar til Lillehammer, der det vart plassert på eit godstog som frakta den verdfulle lasta til Åndalsnes. Grunna den stadige bombinga av Åndalsnes, vart toget den 20. april sendt til Romsdalshorn stoppestad, der vognene med gullet vart haldne skjult i tre dagar. Natt til 24. april henta lastebilar den verdfulle lasta og køyrde gullbarrane til Molde. Der venta eit britisk krigsskip på å få frakte gullbehaldninga ut or landet.

Det hadde ikkje vore mogleg å redde gullbehaldninga viss «Blücher» ikkje var blitt senka av Oscarsborg festning i Drøbaksundet. Kongen, kronprinsen, medlemmar av Regjeringa, nokre sivile tenestemenn og general Ruges overkommando flykta òg gjennom Romsdalen og vidare til Molde og Tromsø.

Museum Til minne om desse dramatiske dagane opna entusiastar i 2018 eit museum på Romsdalshorn stoppestad.. Her er mellom anna stilt ut ei moderne godsvogn for å representera vognene som var gøymt på stasjonen i 1940.

The Golden Train Frå 2024 køyrer dagleg turisttoget «The Golden Train», der turistane utanom togreisa tur/retur Bjorli òg får kjennskap til andre sider av historia om Raumabana, som Gulltransporten.

Kjelder

Bibliografi

Hjørungnes, Berge; Aassve, Anne-Grethe; Bryn, Knut; Waatvik, Anita K. 2005. Kulturminnevern gjennom 30 år. Fortidsminneforeningen, Romsdal avdeling. ISBN 82-90052-71-5

Denne artikkelen bygger på «Romsdalshorn stoppested» frå , den 20. mai 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Jarnbanestasjonar i Møre og Romsdal Kategori:Jarnbanestasjonar på Raumabanen Kategori:Historie i Rauma Kategori:Nedlagde jarnbanestasjonar i Noreg Kategori:Jarnbanestasjonar opna i 1924 Kategori:1924 i Noreg Kategori:Jarnbanestasjonar nedlagde i 1988 Kategori:Gudmund Hoel Kategori:Bjarne Friis Baastad Kategori:Jarnbanebyggverk i Rauma Kategori:Tidlegare byggverk i Møre og Romsdal Kategori:Utvalde artiklar 2025