«Unforgettable» (norsk omsetjing 'uforgløymeleg') er ein popsong frå 2024 med den norske popduoen Marcus & Martinus. Songen blei gjeven 2. mars 2024 og vann svenske Melodifestivalen same år. Med sigeren i Melodifestivalen blei «Unforgettable» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.
Om songen Marcus & Martinus skreiv «Unforgettable» saman med låtskrivarane Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Joy Deb og Linnea Deb.
«Unforgettable» blei send inn til SVT sin songkonkurranse Melodifestivalen 2024. Der blei han plukka ut til å delta blant 30 deltakarlåtar. Marcus & Martinus deltok i Melodifestivalen året før, med songen «Air». Der enda dei på andreplass, bak Loreen og «Tattoo», som til slutt vann Eurovision Song Contest 2023.
Marcus & Martinus vann den femte delfinalen laurdag 2. mars 2024, og før finalen var «Unforgettable» den store favoritten til å vinne Melodifestivalen. Songen innfridde favorittstempelet og vann Melodifestivalen 9. mars 2024. Som vinnar av Melodifestivalen blei «Unforgettable» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2024.
Eurovision Song Contest Som vertsnasjon for Eurovision Song Contest 2024 var Sverige direktekvalifisert til finalen i Malmö Arena laurdag 11. mai 2024. I finalen var Sverige det fyrste landet ut på scena av 25 bidrag.
I juryavrøystinga enda Sverige på ein åttandeplass og ein ellevteplass i telefonavrøystinga. Samla sett enda Sverige på ein niandeplass i konkurransen med 174 poeng. Den norske jurygruppa gav tre poeng til «Unforgettable», mens dei norske sjåarane gav ti poeng.
Listeplasseringar + Liste (2024) Høgasteplassering (TopHit Airplay) 74 () 89 () 92 () 10 (VG-lista) 26 (UK Singles Chart) 38 (Sverigetopplistan) 1
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Unforgettable (Marcus & Martinus-sang)» frå , den 22. mai 2024.
Kategori:Svenske songar Kategori:Melodifestival-vinnarsongar Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Engelskspråklege songar i Melodifestivalen Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar