Armand er ein norsk dramafilm frå 2024, regissert og skriven av Halfdan Ullmann Tøndel.
Filmen hadde verdspremiere under -delen av den 77. Filmfestivalen i Cannes 18. mai 2024, der han vann for beste filmdebut. Armand skal ha kinopremiere i Noreg 27. september 2024.
Handling Handlinga føregår på ein forlaten skole der alle skuleelevane akkurat har tatt sommarferie. Åleinemora Elisabeth blir på kort varsel kalla inn til møte med kontaktlæraren Sunna for å diskutere noko som skal ha skjedd mellom seks år gamle Armand og klassekameraten Jon. Foreldra til Jon er også til stade under møtet, men synspunkta om kva som eigentleg har skjedd mellom sønene deira spriker kraftig. Etter kvart blir også rektor ved skulen Jarle og helsesystera Ajsa involvert i saka. Det visar seg at det ligg meir bak saka enn det ein fyrst har gått ut frå, blant anna kor mange av dei involverte som kjenner kvarandre frå før.
Rolleliste Renate Reinsve – Elisabeth Ellen Dorrit Petersen – Sarah – Sunna – Anders – Jarle – Ajsa
Produksjon Armand er spelefilmdebuten til Halfdan Ullmann Tøndel, barnebarnet til skodespelaren Liv Ullmann og filmskaparen Ingmar Bergman. Filmen er ein produksjon av Eye Eye Pictures, som blei skipa i 2022 av Dyveke Bjørkly Graver og Andrea Berentsen Ottmar. Bjørkly Graver og Berentsen Ottmar jobba begge på 2021-filmen til . Armand er produsert av Berentsen Ottmar, i samproduksjon med Keplerfilm (Nederland), Prolaps (Sverige) og One Two Films (Tyskland), i tillegg til Zefyr (Noreg) og (Sverige). Trier og Bjørkly Graver fungerte som .
Lansering Armand blei vald ut til å delta i -delen av den , der han hadde verdspremiere 18. mai 2024. Filmen skal ha kinopremiere i Noreg 27. september 2024.
Prisar og nominasjonar Pris Dato for seremoni Kategori Mottakar(ar) Resultat Ref. Filmfestivalen i Cannes 24. mai 2024 Halfdan Ullmann Tøndel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Armand (film)» frå , den 27. mai 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Filmar frå 2024 Kategori:Norske filmar frå 2020-åra Kategori:Norske filmar