Johannes Kleppevik () var ein norsk artist som gjekk under namnet «kystens trubadur». Han var ein pådrivar for å få i stand Torgdagen i Bergen, som har vorte ei årleg hending.
Liv
Kleppevik blei gjerne kalla «kystens trubadur» fordi mange av songane hans handla om livet på kysten. Nokre av dei best kjende songane hans er «Oldefar», «Berre et bilde på min lugar», «No kjem ein vals» og «Tar du med ei helsing». Totalt skreiv han rundt 130 songar, men dei fleste blei ikkje spelt inn i hans levetid. På 1980-talet skreiv han songen «Jeg mater duene» saman med Fred Ove Reksten til ære for byoriginalen Otto Fredrik Wollertsen, kjend som «Ottoen». Songen blei framført i gravferda til Wollertsen av skodespelaren Helge Jordal.«Alle kjente Ottoen. Han var et varmt og raust menneske» Bergensavisen
I løpet av artistlivet sitt gav Kleppevik ut platene A little bit of Heaven (1974), Tramp og Trall I (1977) og II (1980), North Atlantic Ocean (1984), Langs Kysten (1997) og Motorbåt og ein laurdagsdans (1999). Plata North Atlantic Ocean vart nominert til Spellemannprisen.
Han døydde i 2001 etter ei tid med sjukdom.
Ettermæle Etter at han døydde oppretta Sparebanken Vest Johannes Kleppevik sitt minnefond i samarbeid med Sund kommune. Prisen på 25 000 kroner vert tildelt «einskildpersonar, lag og organisasjonar som på ein framifrå måte fremjar kystkulturen i Hordaland.»Fikk minneprisen etter sin egen far VestNytt
Musikkgruppa Ausekarane blei danna i 2007 i samband med eit show til ære for Johannes Kleppevik på dåverande Marsteinen Fjordhotell sør på Sotra. Seinare har gruppa skrive og spelt inn songen «Johannes» til ære for Kleppevik.
I 2012 blei det gjeve ut ei bok med historia om Johannes Kleppevik og 65 av songane hans.Sangboken som om også synger om livet til Johahannes Kleppevik, VestNytt, 8. november 2012 Boka blei skriven av Olav Kobbeltveit, og dei tre barna til Kleppevik gjorde arbeidet med innsamling og omarbeidng av tekstar og melodiar.
Diskografi Album A Little Bit of Heaven (1974) Tramp og trall I (1977) Tramp og trall II (1980) North Atlantic Ocean (1984) Langs kysten (1997) Motorbåt og ein laurdagsdans (1999)
Plata North Atlantic Ocean blei nominert til Spellemannprisen.
Singlar Kom til Kristus (1967) Tar du med ei helsing/North Atlantic Ocean (1984) Seinsommarsong/Seglar ei skute (1996)
Andre deltakingar Country Snakes: På norsk med Country Snakes (1972) Saft: The Best of Saft (1974) Colleen & Kaktus: We'll Dance Tonight (1980) Diverse artister: Stjernekassetten 2 (1984) Diverse artister: Statsraad Lehmkuhl CD (1995) Saft: 1971-1996 (1996) Diverse artister: Norske viseperler (2000) Diverse artister: 96% låvedans (2001) Steinar Engelbrektson Band: På grunn av bagateller (2005) Ausekarane: Spelar for livet (2011)
Kjelder
Stiftinga Johannes Kleppevik sitt minnefond.
Delar av denne artikkelen bygger på «Johannes Kleppevik» frå , den 25. februar 2019.
Litteratur Olav Kobbeltveit. Johannes Kleppevik. John Grieg, 2012 ISBN 9788253302997
Kategori:Norske musikarar Kategori:Folk frå Sund