Anders Christenssøn Arrebo () var ein dansk prest og forfattar. Han vert rekna som «far» til dansk litteratur, og Ludvig Holberg kalla han ein av dei største poetane.

Arrebo var frå 1618 biskop i Trondheim. Vyrdlaus framferd førte til at han i 1622 vart frådømt embetet. Frå 1626 var han sokneprest i Vordingborg. Åra frå 1631 skreiv han diktverket Hexaëmeron, ei fri omarbeiding av franskmannen Guillaume Du Bartas sitt dikt om skapingsveka. For den fyrste dagen nyttar Arrebo dobbeltrima heksameter, dei andre dagane er skildra i aleksandrinarar, som Arrebo innførte i dansk litteratur. Verket er karakteristisk for barokken og kom på trykk i 1661. Arrebo omsette Salmane («K(ong) Davids psalter»), ei tekst som mange lærde i Noreg fann hugnad i.

Samlede Værker i fem band kom ut i tida 1966–84.

Bibliografi Kong Davids psalter (1623), revidert i 1627 Hexaëmeron (1631-1637), gjeve ut posthumt i 1661

Kjelder

Kategori:Danske forfattarar Kategori:Danske salmediktarar Kategori:Danske lutherske biskopar Kategori:Norske lutherske biskopar Kategori:Biskopar i Nidaros bispedømme Kategori:Folk frå Ærøskøbing