Palestina, offisielt Staten Palestina, er eit land i Vest-Asia ved søraustkysten av Middelhavet. Det omfattar to fråkopla territorium – Vestbreidda og Gazastripa, samla kjent som dei palestinske territoria – innan den større Palestina-regionen. Landet grensar til Israel i nord, vest og sør, Jordan i aust og Egypt i sørvest. Palestina har ei samla flatevidd på 6 020 km² med meir enn 5 millionar innbyggjarar. Den proklamerte hovudstaden er Jerusalem, medan Ramallah i røynda er den administrative hovudstaden. Det offisielle språket er arabisk, og religionen hovudsakleg islam, men med ein jødisk og kristen minoritet.

Soge

Palestina-regionen har ei lang, omfattande soge. Kanaanittane, israelittane, assyrarane, babylonarane, perserane, grekarane, romarane og bysantinane sette alle sitt preg på landet. I tillegg har Palestina ei djup religiøs betyding for jødedom, kristendom og islam. Igjennom soga har regionen opplevd periodar med sameksistens og konflikt mellom ulike religiøse og etniske grupper. Særleg i mellomalderen, då jødiske samfunn møtte forfylging, fann dei tilflukt og tryggleik under det muslimsk styret og den breiare islamske verda. Under det osmanske riket, som kontrollerte Palestina frå 1500-talet til slutten av fyrste verdskrigen, var landet ein fristad for jødar som flykta frå forfylging i Europa. Slutten på det osmanske styret markerte eit nytt kapittel i Palestinsk soge. Etter fyrste verdskrigen overtok det britiske imperiet kontroll over regionen. Det britiske mandatet for Palestina, etablert i 1920, førte til tydelege endringar i det politiske og sosiale landskapet i området, og sette høva for konfliktane og kampane som ville fylgja mellom Israel og Palestina.

Stridane med Israel Etableringa av Staten Israel i 1948 kom etter den arabisk-israelske krigen som førte til at hundretusen av palestinarar vart fordrivne.Gelber, Y. Palestine, 1948. s. 177–178 Den påfylgjande arabisk-israelske konflikten, inkludert seksdagarskrigen i 1967, førte til den israelske okkupasjonen av Vestbreidda og Gazastripa. Den 15. november 1988 erklærte Det palestinske nasjonalrådet, det lovgjevande organet til Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) leia av Yasser Arafat, opprettinga av staten. Signeringa av Oslo-avtalen på 1990-talet, forhandla mellom Israel og PLO, skapa Palestinian Authority (PA) til å utøva delvis kontroll over delar av palestinske territoria. I 2007 oppstod det interne splittingar mellom palestinske politiske fraksjonar. Det ende med at Vestbreidda vart delvis styrt av dei palestinske styresmaktene, leia av Fatah, medan Gazastripa heldt seg under kontroll av Hamas.Andersen, Lars Erslev: Palæstina i Den Store Danske på lex.dk. Henta 10. juni 2024. Israel har bygd busetjingar i begge dei palestinske områda sidan byrjinga av okkupasjonen. Om lag 500 000 israelske busetjarar bur framleis i busetjingar på Vestbreidda. Det internasjonale samfunnet meiner israelske busetjingar i palestinske territorium er ulovlege under internasjonal lov, men den israelske regjeringa avviser dette.

Nyare tid

Palestina er prega av delvis blokkade av Gazastripa, avgrensa rørslefridom, israelske busetjingar, i tillegg til ein generelt dåleg sikkerheitssituasjon. Uløyst gjenstår mellom anna fastsetjinga av den israelsk-palestinske grensa og statusen til Jerusalem.

Anerkjenning mini|

Per september 2025 er Palestina anerkjent som ein suveren stat av 157 av 193 medlemsstatar i De sameinte nasjonane. Noreg anerkjente Palestina den 28. mai 2024, diplomatiske band var likevel oppretta allereie i 1995. Land som USA, Italia, Tyskland og Japan anerkjenner ikkje staten. Palestina er medlem av fleire internasjonale organisasjonar, mellom anna Den arabiske ligaen, Organisasjonen for islamsk samarbeid og Den internasjonale straffedomstolen. Landet har au vore observatørstat som ikkje er medlem av SN sidan 2012.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «State of Palestine» frå , den 10. juni 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Land i Asia Kategori:Arabisktalande land Kategori:Tidlegare britiske koloniar