Inger Johanne Tveter () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Skjeberg i Østfold. Ho deltok perioden 1966-74 i 67 av Noregs landskampar, og skåra 41 mål.
Rykkromspelaren Tveter byrja spele på Skjeberg SK sitt handballag i 1964 og var aktiv på laget til 1989. Ho var ein av dei sentrale spelarane då laget steig til topps i 1. divisjon og vart seriemeister i 1982 og 1983. Tveter var med i landslagsmannskapa som deltok i Handball-VM 1971 og 1973.
Kjelder handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Sarpsborg