Joël Marc Abati () er ein fransk tidlegare handballspelar, fødd på Martinique. Med Frankrike sitt flinke mannskap vart han verdsmeister 2001, europameister 2006, olympiameister 2008 og på ny verdsmeister 2009. Abati var ein sjeldan sikker straffeskytar.
Karriere Klubbspel Abati var etter tur aktiv i Fort de France, US Créteil, Espoir de Floreal og USM Gagny. Perioden 1997 til 2007 var han høgrekant eller høgre rykkromspelar i SC Magdeburg i den tyske bundesligaen. Her var han med å vinne EHF-cupvinnarcupen i 1999, 2001, 2007, den tyske seriemeisterskapen 2001 og meisterligaen i 2002. Frå 2007 til -11 gjorde han teneste i Montpellier HB, fransk seriemeister i 2008 og 2009.
Landslagsspel Abati deltok perioden 1995-2009 i 204 landskampar og skåra 585 mål. Frå VM 2001 til VM 2009 sanka han fire gullmedaljar og tre bronsemedaljar i dei store internasjonale meisterskaps-turneringane. Han var med å vinne VM 2001 og 2009, EM 2006 og OL 2008.
Merittar VM 2001: Gullmedalje, 28-25 over Sverige VM 2003: Bronsemedalje, 27-22 mot Spania VM 2005: Bronsemedalje, 26-25 mot Tunisia EM 2006: Gullmedalje, 31-23 over Spania EM 2008: Bronsemedalje, 26-26 over Tyskland OL 2008: Gullmedalje, 28-23 over Island VM 2009: Gullmedalje, 24-19 over Kroatia Vinnar av EHF-meisterligaen: 2002 for SC Magdeburg Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 1991, 2001 og 2007 for SC Magdeburg Tysk ligameister: 2001 for SC Magdeburg Fransk seriemeister: 2008 og 2009 for Montpellier HB Fransk cupmeister: 1997 for US Créteil, 2008 og 2009 for Montpellier HB
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Joël Abati» frå , den 22. juni 2024.
Kategori:Franske handballspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2008 Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Verdsmeistrar i handball