Sebastian Anton Kneipp () var ein tysk prest og professor. Han fann opp kneippkuren, som var ei slags kaldvassbehandling med m.a. barfotturar i fuktig gras. Inspirert av ideane hans og anstalten hans Wörishofen i Bayern blei det skipa liknande kuranstaltar over heile Europa.

På slutten av 1800-talet gav Sebastian Kneipp ut boka Min Vannkur. Boka er eit stort oppslagsverk i helsebot. Dei fleste sjukdommar og symptom som var kjende på denne tida er tekne med.

Vasskuren bestod av følgjande hovudelement:

Omslag Bad Dampbad Gytningar (hella vatn på spesifikke kroppsdelar) og Vasking

Kreft blei prøvd lækja med munnvask, tre gongar om dagen. Det viktige var å reinsa «blodet og safterne».

I Noreg er Sebastian Kneipp kjend for kneippbrødet, brødet av sammalen kveite som har namn etter han.

I Sverige ligg distriktet Kneippen, tidlegare kalla Kneippbaden, i Norrköping. Området har namn etter eit spa-anlegg som nytta Kneipp-metoden frå 1898 til 1918.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sebastian Kneipp» frå , den 23. juni 2024.

Kategori:Tyske katolske prestar Kategori:Naturopatar Kategori:Hydroterapi