Gareth Southgate () er ein engelsk fotballtrenar og tidligare -spelar som var landslagssjef for det engelske herrelandslaget i fotball frå september 2016 til 2024 . Han var 1990-206 etter tur aktiv spelar i klubbane Crystal Palace FC, Aston Villa og Middlesbrough FC.

Spelar Klubbspel Southgate spelte seg til fast plass i Crystal Palace FC i 1991. Frå sommaren 1995 gjorde han teneste i Aston Villa i seks sesongar. Med laget frå Birmingham vann han ligacupen i 1996 og spelte FA-cupfinale mot Chelsea FC i 2000. Han avslutta si aktive karriere med spel for Middlesbrough i 2001-05. Med dette laget vann han i 2004 ligacupen for andre gong. 10. mai 2006 var han kaptein for det Middlesbrough-mannskapet som tapte UEFA-cupfinalen 0-4 mot Sevilla FC. Fire veker seinare fekk han jobben som sjef for Middlesbrough-laget.

Landslagsspel I tida frå desember 1995 til mai 2004 deltok Southgate i 57 av Englands landskampar. Han var fast på laget under EM i fotball 1996 på heimebane. I semifinalen mot Tyskland mislukkast han som eksekutør i staffeskytinga då dei to laga stod likt etter 120 minutts spel. Der og då slokna det engelske laget sin finaledraum. Sidan spelte han to kampar ved Fotball-VM 1998 og ein kamp ved Fotball-EM 2000. Under verdsmeisterskapen 2002 sleit han reservebenken heile vegen. Southgate skåra 2 landslagsmål.

Merittar Vinnar av den engelske ligacupen: 1996 med Aston Villa og 2004 Middlesbrough FC Finalist i FA-cupen: 2000 med Aston Villa Finalist i UEFA-cupen: 2006 med Middlesbrough FC

Trenar Southgate var lagsjef for Middlesbrough fram til oktober 2009. Perioden 2013-16 var han landslagssjef for Englands U-21 landslag. Sidan juni 2016 har han vore landslagssjef for England. Han leia landslaget til semifinale i Fotball-VM 2018, og til finalen i så vel EM 2021 som EM 2024.

Kjelder

eu-football Denne artikkelen bygger på «Gareth Southgate» frå , den 16. juli 2024.

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Engelske fotballtrenarar Kategori:Aston Villa-spelarar Kategori:Middlesbrough-spelarar Kategori:Crystal Palace-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Folk frå Watford