Kjelkenes ferjekai er ein nedlagd ferjestad på nordsida av Midtgulen i Bremanger kommune i Vestland fylke. Ferjekaia vart opna i 1987 som del av dåverande Riksveg 616 og erstatta det gamle leiet på Kjelkenes. Frå Kjelkenes gjekk ferjesambandet Smørhamn-Kjelkenes til Smørhamn ferjekai.
Med opninga av fase 2 av Bremangersambandet den 16. mai 2013 vart ferjesambandet nedlagt, og sidan er ikkje kaia i bruk.
i 2019 vart vegen mellom Kjelkenes og Kjelkenes ferjekai skilta om til å vera ein arm av Fylkesveg 614.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Riksvegen på Bremangerlandet» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
Kategori:Fylkesveg 616 Kategori:Samferdsle i Bremanger Kategori:Tidlegare ferjeleie i Vestland