Sandebygda er ein nedlagd ferjestad på sørsida av Sandøyna i Gulen kommune i Vestland, og er tilknytt Fylkesveg 5582. Frå Sandebygda gjekk ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg-Sandebygda-Gråvik.
Kaianlegget hadde ikkje ferjelem og vart i 1984 erstatta av nye Skipavik ferjekai 1,5 kilometer lenger aust på øya.
Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Veg og ferje mellom Byrknesøy og fastlandet» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
Kategori:Geografi i Gulen Kategori:Samferdsle i Gulen Kategori:Tidlegare ferjeleie i Vestland