Kongsnes-Nordeide var eit ferjesamband mellom Kongnes i dåverande Balestrand kommune og Nordeide i Høyanger kommune. Sambandet vart til i 1970 og erstatta det gamle vinterhalvårlege sambandet Hella-Nordeide for å betre knyta Sunnfjord og Ytre Sogn til Indre Sogn. Sambandet hadde fast stopp både i Ortnevik og Måren, men desse stadane hadde ikkje ferjelem då sambandet tok til. Måren fekk ferjelem i 1970-åra, men Ortnevik fekk ikkje før i 1982.

I 1982 opna Høyangertunnelen, og med dette vart det samanhenghande veg på nordsida av Sognefjorden mellom Kongsnes og Nordeide, og det kortvarige sambandet vart historie.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Balestrand-Kongsnes med ferje til Nordeide» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Kristin Ese: «Høyangertunnelen - Nord-Europas lengste vegtunnel i 1982» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Finn Borgen Førsund: «Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998» på nettstaden til Nasjonalbiblioteket

Sjå òg Nordeide-Svartemyr Nordeide-Måren-Ortnevik

Kategori:Tidlegare ferjesamband i Vestland Kategori:Samferdsle i Høyanger Kategori:Samferdsle i Sogndal Kategori:Skipingar i 1970 Kategori:Nedleggingar i 1982