Bartholdus «Pärttyli» Gabrielis Vhael () var ein finsk prest og forfattar fødd i Uleåborg.
Vhael vart student i 1684, collega superior ved Vasa trivialskole 1692, pastor ved Österbottens regiment i Riga 1694 og dessutan sokneprest i Ilmola i 1699. Under Den store ufreden rømde han til Sverige. Han vart teken til fange i Övertorneå sokn i 1717 av ein omstreifande bande kosakkar, men vart seinare utnemd til predikant for tyskarar i den russiske armeen og deretter til sokneprest i Vasa og prost i Österbotn. Etter Freden i Nystad i 1721 tok han opp att soknepreststillinga si i Ilmola. Han skreiv òg ei finsk språklære, Grammatica fennica (trykt 1733).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bartholdus Vhael» frå , den 19. august 2024. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Finske prestar Kategori:Finske forfattarar Kategori:Folk frå Uleåborg