Ole Willy Falkhaugen er ein norsk ballettdansar frå Sandefjord som har vore tilknytt Nasjonalballetten ved Den Norske Opera & Ballett gjennom heile karrieren.

Utdanning Falkhaugen er utdanna ved Ballettskulen på Den Norske Opera og Kungliga Svenska Balettskolan i Stockholm.

Karriere Falkhaugen debuterte ved Nasjonalballetten i 1992, medan han enno var skuleelev. Etter utdanning i Sverige vart han aspirant ved Nasjonalballetten i 1997, og han vart fast tilsett i 1998. Han har dansa i eit breitt repertoar, i klassiske roller som Rothbert i Svanesjøen, tittelrolla i Don Quijote, Drosselmayer og Rottekongen i Nøtteknekkaren, og Alexej Karenin i Anna Karenina, men òg hatt leiande roller i moderne oppsetjingar av Jiri Kylian, William Forsythe og Jo Strømgren.

Falkhaugen dansa ved Nasjonalballetten til han vart pensjonert i 2017, men har seinare vendt attende og dansa fleire roller.

I 2024 dansa han rolla som Grosserer Werle i Vildanden på Nasjonalballetten.

Han har òg opptredd på andre scenar. I 2018 spelte og dansa han i Rogaland Teater si Heddaprisvinnande oppsetjing Orlando, blant anna under eit gjestespel på Nationaltheatret.

Prisar og utmerkingar Ole Willy Falkhaugen fekk Gammleng-prisen i klassen for scenisk verksemd i 2017.

Kjelder

Kategori:Norske ballettdansarar Kategori:Folk frå Sandefjord Kategori:Folk tilknytte Den Norske Opera & Ballett