Indra Lorentzen () er ein norsk-svensk-indonesisk ballettdanser og instruktør.

Som aktiv var ho rekna som ein av dei fremste ballettdansarane i Noreg.

Bakgrunn

Lorentzen voks opp i Oslo med indonesisk far og svensk mor, og byrja å danse som fireåring. Skulegangen var ved St. Sunniva skole i Oslo.

Som barn var ho elev hos ballettpedagogen Rita Tori. Ho utdanna seg som dansar i København, London, Genève, New York og ved New York Pantomime School. Ho og studerte også klassisk indonesisk dans på Java.

Karriere I 1972 kom Lorentzen til Nasjonalballetten, som deltakar på eit kurs. I 1973 vart ho tilsett som dansar. Etter fire år i ensemblet sitt corps de ballet vart ho forfremja til solist i 1977.

På Nasjonalballetten dansa Lorentzen leiande roller som Miranda i Stormen, George Sand i En kvinne ved navn George (1989), som Angelica Gallo i Tango Buenos Aires 1907(1987-88),Tango Buenos Aires (1907) - (1987-88) Medvirkande sceneweb.no La Sylphide og hovudrolla i Kjersti Alvebergs Volven (1989). Utanom Nasjonalballetten dansa ho i Tigerstaden Danseteater og den svenske Cullbergballetten (1984-85, mellom anna i filmen Abbalett).

Frå 1991 til 1993 hadde ho eit lengre skadeavbrekk. I 1998 pensjonerte ho seg frå Nasjonalballetten. Seinare har ho mellom anna undervist ved Statens Balletthøgskole.

Koreografi Sidan 1990-talet har Lorentzen koreografert og regissert framsyningar på Västanå teater i Sunne i Sverige.Reisende i bevegelse, www.aftenbladet.no. 24. oktober 2001

I 1997 koreograferte ho Asarnerit til opninga av Katuaq, det nye kulturhuset i Nuuk på Grønland. Ved Beaivváš Sámi Teahter koreograferte ho Bárgiduvvon bálgát (1994) og Ridn’oaivi ja nieguid oaidni (2008). Ho har interessert seg for og studert scenekunst frå andre kulturer som Indonesia, Bangladesh og Alaska.

Prisar og utmerkingar Dansekritikarprisen 1980 for Aili i Månereinen Oslo bys kulturpris 1984 på kr. 12 000 Norsk Kassettavgiftsfonds stipend for prosjektet Livsrytmer Gammleng-prisen 2015 i klassen veteran - dansarGammleng-prisen - vinnere 1982-2023 ffuk.no Anders Jahres kulturpris 2023 (delt med Sverre Anker Ousdal og Jo Strømgren)Norges største kulturpris til scenekunstnerne Indra Lorentzen, Sverre Anker Ousdal og Jo Strømgren shakespearetidsskrift.no, 26. juni 2023

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Indra Lorentzen» frå , den 25. august 2024.

Kategori:Norske ballettdansarar Kategori:Norske koreografar Kategori:Folk tilknytte Den Norske Opera & Ballett