Pirin nasjonalpark (bulgarsk Национален парк „Пирин“) ligg i Pirinfjella i Blagoevgrad oblast i Bulgaria. Naturparken omfattar ca. 400 000 dekar og ligg mellom 1 008 og 2 914 meter over havet med Vihren som den høgaste fjelltoppen.
Historie Vihren nasjonalpark blei skipa i 1962 og gitt namnet Pirin folkepark i 1974. Parkadministrasjonen blei lagt til Bansko i 1979. Frå 1983 er området oppført på UNESCO si liste over verdsarv.
Parken I fjella finst det 176 eksplosjonskrater som blir fylte av vatn under snøsmeltinga og blir sjøar. Meir enn 80 % av området er dekt av skog og her finst m.a. svartfuru. Det 1 300 år gamle treet Bajkuschewa Mura er eit av verdas eldste.
Totalt finst det 1 315 karplantar, ein tredel av floraen i Bulgaria. 86 av dei er endemiske artar for Balkan, 17 bulgarske endemiske artar og 18 lokale endemiske artar.UNESCO
Faunaen omfattar 45 pattedyr inkludert bjørn, ulv og mår, og 159 fugleslag. I Pirin finst det også åtte typar amfibium, elleve reptilslag og seks fiskeslag.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pirin nasjonalpark» frå , den 27. august 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Verneområde oppretta i 1962 Kategori:Verdsarv i Bulgaria Kategori:Nasjonalparkar i Bulgaria Kategori:23°E Kategori:41°N