Alameda County er eit county eller fylke i den amerikanske delstaten California. Fylket ligg rundt San Francisco Bay Area. Ifølgje folketeljinga i 2000 budde det 1 443 741 personar i fylket. Administrasjonssenteret ligg i Oakland.

Historie Fylket blei oppretta 25. mars 1853 frå utskilde deler av fylka Contra Costa County og Santa Clara County. På denne tida låg administrasjonssenteret i byen Alvarado. I 1856 blei det flytta til San Leandro. I perioden 1872–1875 låg senteret i Brooklyn. Brooklyn er no ein del av Oakland.

Geografi Alameda County er 2 127 kvadratkilometer stort. 1 910 kvadratkilometer er land og dei resterande 216 kvadratkilometrane er vatn. 

I vest har fylket kyst mot San Francisco-bukta. I nord ligg Berkeley Hills, som strekkjer seg mot midten av fylket. Dei største byane og tettstadene ligg i vest nær kysten. I aust ligg Livermore Valley.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alameda County» frå , den 27. august 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:County i California Kategori:121°W Kategori:37°N