Vangsnes bryggje var vel etablert med dampskiprutene i 1945 då kaia vart eit ferjeleie på sambanda Grinde-Nordeide og Grinde-Balestrand-Vetlefjorden. Med opninga av vegen over Vikafjellet til Voss i 1956 vart det òg opna nye ferjekaier med betre kapasitet på Hella og Dragsvik, og Grinde-Vetlefjorden-Balestrand vart til trekantsambandet Hella-Vangsnes-Dragsvik.
På 1970-talet vart ei supplerande ferjekai bygd austanfor den eksisterande for å ta unna den aukande trafikken, og frå 2019 til 2020 pågjekk oppgradering av kaianlegget med heilt nye kaier for å fasilitere moderne elektriske ferjer på sambandet.
Liste over samband med stopp på Vangsnes ferjekai: 1938-1945: Grinde-Balestrand-Nordeide 1945-1957: Grinde-Vangsnes-Balestrand-Nordeide 1939-1945: Grinde-Balestrand-Vetlefjorden 1945-1951: Grinde-Vangsnes-Balestrand-Vetlefjorden 1951-1956: Grinde-Vangsnes-Balestrand 1956-1985: Vangsnes-Hella-Dragsvik-Balestrand 1985-: Hella-Vangsnes-Dragsvik
Kjelder
Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Leikanger-Hella og Vetlefjord-Dragsvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland «Nye ferjekaiar på riksveg 13 er i drift» på nettstaden til Statens vegvesen
Kategori:Riksveg 13 Kategori:Ferjeleie i Vestland Kategori:Samferdsle i Vik