India Knight (fødd Gisèle Aertsens; ) er ein britisk journalist og forfattar. Ho skriv for britiske aviser, og har skrive sakprosabøker og romanar. Romanane hennar er omsette til 28 språk.
Bakgrunn Knight er dotter av pakistanskfødde Sabiha Rumani Malik (f. 1948, frå ein familie som var i slekt med den lærde diktaren Maulana Abul Kalam Azad, ein av leiarane i den indiske sjølvstenderørsla, og belgiske Michel Robert Georges Aertsens (1927-2002), ein son av Gaston Aertsens, ein helt frå den fyrste verdskrigen, og Marie-Louise Lacroix, frå familien til den belgiske statsmannen Henri Jaspar. Då India blei fødd var Malik 17 år gammal. Aertsens var 20 år eldre enn Malik. Foreldra til India skilte lag kort tid etter at ho var fødd; India blei buande i Brussel med mor si, som heldt fram med studiane sine og samstundes arbeidde som omsetjar for å forsørgja seg sjølv og dottera si. Dei hadde også lengre opphald i India og Pakistan.
Mor til India gifta seg med Andrew Knight, redaktøren for The Economist, i 1975, og 9 år gammal flytta India til London for å bu i lag med mora og stefaren. Då ho var 13 år gammal, endra ho namnet sitt til India Knight, fornamnet etter det opphavlege ønsket til mor si og etternamnet frå stefaren.Barber, Lynn (2. juli 2000). "India's summer". The Observer. Henta 27. juni 2023. Mora og stefaren var gifte i 17 år og dekk to døtrer saman, Amaryllis og Afsaneh. Dei skilde seg i 1991, og ikkje lenge etter gifta Malik seg med ein ven av familien, arkitekten Norman Foster; dei var gifte fram til 1995. I den halvsjølvbiografiske romanen sin Comfort and Joy skriv Knight om familien og mora.Isn't She Talking Yet?.
I eit avisintervju i 2000 sa Knight at ho blei utdanna ved dei engelske skulane Lycée Français Charles de Gaulle og Wycombe Abbey, men blei utvist frå begge. Ho vann seinare eit stipend til å studera moderne og mellomalderspråk ved Trinity College i Cambridge.
Forfattarskap Knight har skrive faste spalter for The Observer og The Times. Ho debuterte som forfattar i 2000 med My Life on a Plate, ein roman med likskapstrekk til hennar eige liv. Ho har seinare gjeve ut fleire romanar og sakprosabøker. I 2022 gav ho ut ei gjenforteljing av Nancy Mitford sin roman The Pursuit Of Love etter oppfordring frå rettshavarane til Mitford.
Privatliv Knight var først gift med Jeremy Langmead, ein tidlegare redaktør for magasina Wallpaper* og Esquire. Paret fekk to søner. Då dei skilde seg, budde dei i to hus som var nokre få dører unna kvarandre i Primrose Hill."Ripping up the Yule book: Jeremy Langmead's dysfunctional family festivities", London Evening Standard, 9. desember 2011
Faren til det tredje barnet til Knight er forfattaren Andrew O'Hagan.Lesley McDowell "India Knight on the pressures of parenting", The Herald, 14. november 2011
I desember 2015 kunngjorde ho at ho skulle gifta seg med den tidlegare parlamentsmedlemmet Eric Joyce, etter at dei hadde vore kjærastar i seks år. 6. november 2018 blei Joyce arrestert og skulda for å ha lasta ned bilde av barnemisbruk. Han blei funnen skuldig og dømt til fengsel på vilkår i august 2020.
Knight er busett i Suffolk.
Bøker
Skjønnlitteratur
My Life on a Plate (2000) Don't You Want Me? (2002) Comfort and Joy (2010) Mutton (2012) Darling (2022) - an updating of The Pursuit of Love av Nancy Mitford
Sakprosa
The Shops (2003) The Dirty Bits For Girls (editor, 2006) Neris and India's Idiot-Proof Diet (2007) Neris and India's Idiot-Proof Diet Cookbook (2008) The Thrift Book: Live Well and Spend Less (2008)
Barnebøker
The Baby (2007)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «India Knight» frå , den 6. september 2024.
Kategori:Britiske journalistar Kategori:Elevar ved Trinity College i Cambridge Kategori:Britiske forfattarar frå 2000-talet