Amrit Pernille Kaur Sandhu () er ein norsk politikar for Raud Ungdom. Ho var leiar i Raud Ungdom frå april 2024 til september 2025.

Politisk karriere Kaur hadde eit verv i hovudutvalet i oppvekst og utdanning i Drammen kommune frå oktober 2023 til mai 2024.

Leiar i RU Amrit Kaur vart valt til leiar i Raud Ungdom (RU) i april 2024 – eit val som var omstridd. I tida før valet vart fem medlemer suspenderte frå RU, deriblant Amrit Kaur, som fylgje av somme fråsegner på ei internettplattform. Landsmøtet oppheva likevel suspensjonen før valet skulle gjennomførast. I ettertid har mellom anna den avsette tidlegare leiaren i RU, Liv Smith-Sivertsen, hevda at valet vart kuppa ved at ei kommunistisk eining som «infiltrerte» organisasjonen.

Den 6. mai 2024 skreiv Kaur på Facebook at ho trekte seg frå dei lokalpolitiske verva sine i Drammen. Dagen etter var det ifylgje Kommunal Rapport kommunestyremøte i Drammen, med fleire fritakssøknader på sakslista, men ingen søknad frå Kaur i dei publiserte sakspapira.

Kontroversar Våren 2024 fekk Kaur stor omtale i norske medium som fylgje av nokre kontroversielle fråsegner. Mellom anna hadde ho uttala at ho var kommunist og motstandar av norsk våpenstøtte til Ukraina. Vidare ynskte ho ikkje å klassifisera Hamas som ein terrororganisasjon, noko dei fleste andre norske politikarar hadde gjort.

I mai 2024 skapa ho kontroversar då ho i ein video på TikTok uttala at Joe Biden, Jonas Gahr Støre, Jens Stoltenberg og Nicolai Tangen var terroristar, ettersom ho var usamd i korso Regjeringa og Oljefondet hadde handtert situasjonen på Gazastripa. Ved å kalla norske politikarar for terroristar meinte mange at ho var med på å veikja tydinga av det ein terrorist faktisk er. Etter omfattande klander, mellom anna frå politikarar i moderpartiet Raudt, orsaka ho fråsegnene sine og avpubliserte videoen. AUF sin generalsekretær Jan Halvor Vaag Endrerud meinte unnskuldingane «ikke har vært reelle». Somme dagar seinare møttest Kaur og AUF-leiar Astrid Hoem i Politisk kvarter, der Kaur orsaka seg nok ein gong. Fleire medlemer, blant dei to tidlegare leiarar i RU, Alberte Bekkhus og Liv Smith-Sivertsen, melde seg or partiet etter desse fråsegnene frå Kaur.

I september 2025 fekk Kaur mykje kritikk etter at ho la ut ein video på TikTok der ho forsøkte å ironisera over drapet på den amerikanske høgrekonservative aktivisten Charlie Kirk. Videoen vart raskt sletta. Kaur uttala like etterpå at ho vart riven med av «memes» av Kirk der han hadde sagt at «det går bra om folk døyr som konsekvens av våpenreglane i USA, og hans støtte til folkemordet mot Palestina». Nestleiaren i Raud Ungdom, Ahmed S. Al-Saedi, trekte seg i protest som følgje av videoen til Kaur. Partileiaren i Raudt, Marie Sneve Martinussen, uttala dagen etter at ho forventa at Kaur ville gå av som leiar i ungdomspartiet. Kaur valde å trekkja seg som leiar same dag, og sa ho angra for å ha publisert videoen og kalla han for «usmakeleg».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Amrit Kaur» frå , den 6. september 2024.

Kategori:Folk frå Drammen Kategori:Lokalpolitikarar i Drammen