Solbjørg Højfeldt (Danske Film) er ein dansk skodespelar.

Liv og virke Solbjørg Højfeldt starta karrieren som laboratorieteknikar, men utdanna seg til skodespelar ved Aalborg Teater i 1972-1977. Etter dette drog ho til København, der ho har spelt på dei fleste av teatera i tidas løp. Ved sida av har ho medverka i eit mindre tal filmar, og seinare har ho i tillegg instruert fleire teaterstykke, blant anna i Sverige. Ho har }òg undervist ved Statens Teaterskule.

Ho er medlem av representantskapet i Dansk Sprognævn og av Uddannelsesrådet for Film og Teater.

Ho er gift med skodespelaren Henning Jensen.

Filmar

Verden er fuld af børn (1980) Langturschauffør (1981) Slingrevalsen (1981) Den ubetænksomme elsker (1982) Zappa (1983) Rainfox (1984) Vera (kortfilm, 1984) Oviri (1986) Drengene fra Sankt Petri (1991) Riget I (1994) Operation Cobra (1995) Davids bog (1996) Riget II (1997) Sekten (1997) Motello (1998) Klinkevals (1999) Blinkende lygter (2000) Fruen på Hamre (2000) Brødre (2004) Hannah Wolfe (2004) No Right Turn (2006) Velsignelsen (2009) Simon & Malou (2009) Darling (2017) Selvmordsturisten (2019)

Utvalde tv-produksjonar

Henover Midten (1982) Gøngehøvdingen – 1992 som Fru Elsebeth Buchwald. Riget og Riget II (1994 og 1997) TAXA (1997-1999) Karrusel (1998) Skjulte spor (2000-2001) Den serbiske dansker (2001) Langt fra Las Vegas (2000-2003) Forbrydelsen (2007) Herrens Veje (2017)

Prisar og utmerkingar

1982: Bodilprisen for beste kvinnelege hovudrolle i Slingrevalsen 1997: Mottakar av Karen Bergs Minnelegat 2002: Mottakar av Tagea Brandts Reiselegat

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Solbjørg Højfeldt» frå , den 9. september 2024.

Kategori:Danske skodespelarar Kategori:Folk frå København